.

Tema

Redaktøren har ordet

Samfunnsendringer og arbeidsliv

Landet vårt opplever store Samfunnsendringer på grunn av blant annet migrasjon, radikalisering, en aldrende befolkning og en økende grad urbanisering. Hvordan påvirkes arbeidslivet?
  • Samfunnsviteren
  • Caroline Roka

Demografi stammar frå det greske demos, som tyder ’folk’, og grafein, som tyder ’skrive’. Omgrepet refererer til samfunnsstorleik, alders- og kjønnsfordeling og geografisk fordeling, samt dei demografiske komponentane dødelegheit og migrasjon. Det kan, ifølgje leksikon, også omfatte ei skildring av levekår og livstilhøve, økonomiske tilhøve og helse, giftemål og samlivsformer.

 

Kort sagt handlar demografi om rikets tilstand og endringar. I dette nummeret har vi derfor valt å skrive om fire område som opplever store omveltingar: innvandring, terrorfrykt, urbanisering og nedgang i oljeprisen.

 

Om nokon i 2012 hadde sagt at flyktningstraumen til Noreg skulle verte ei av dei største utfordringane for landet vårt, hadde alle, kanskje minus nokre få med politisk tilhøyre langt mot høgre, rista på hovudet. Slik er det ikkje i dag. Dei siste 18 månadane har forandra og utfordra Europa, inkludert vårt vesle, nordlege land.

 

Terror og terrorfrykt har teke plass i liva våre. 22. juli 2011 endra landet vårt, og trygge reisemål som Paris og Istanbul er ikkje lenger frisoner etter å ha vorte råka. PST er i toppberedskap fordi angrepa i motsetjing til krig skjer vilkårleg, og PST melder om opptrapping.

 

Ei anna demografisk endring, som rett nok ikkje er noko nytt, er folks rørsle frå landsbygd til tettbygde strøk. Byane veks, dei skapar kulturelle mønster, og arbeidsplassar må på plass.

 

Oljen, det svarte gullet som bokstavleg tala har sprøyta inn pengar i statskasse og fond, er ikkje lenger ei så lukrativ maskin. Konsekvensane av dette er mellom anna auka arbeidsløyse og reduksjon i storleiken på pensjonsfondet.

 

Alt dette får konsekvensar, også for arbeidslivet. Dei som kan mest om konsekvensane av samfunnsendringane, er sjølvsagt samfunnsvitarar og humanistar; altså vi! Blant oss er folk som jobber med innvandring og arbeidsløyse, eller som forskar på utviklingstrekk i samfunnet.

 

Samfunnsviteren har mellom anna intervjua ein kriminolog, ein sosiolog, ein antropolog og ein samfunnsøkonom. I tillegg har vi møtt medlemmar som opplever endringar i arbeidskvardagen på grunn av demografiske endringar. Og ja, så har vi spurt Norsk Monitor om å seie noko om pulsen på landet vårt.

 

God lesing!