.

Tema

Redaktøren har ordet

Teknologi og framtidens arbeidsliv

Den teknologiske og digitale utviklingen er altomgripende. Livene våre og samfunnet rundt oss forandres i et historisk tempo, det samme gjør arbeidslivet.
  • Gunn Kvalsvik
  • Caroline Roka

Ein heilt vanleg laurdag i eit nabolag i Oslo. Ein samtale går som følger: – Har du høyrt det siste? – Nei, kva då? – Kontaktlinser som filmar alt du ser. Eg har nettopp laga ein NRK-produksjon om digitale nyvinningar, og det siste kule handlar om desse linsene.
Tre personar ristar unisont på hovuda, men smila fortel at dei er nysgjerrige. Ingen tvilar på at det mogleg, og den vidare samtalen omfattar juss og personvernet og kva eit slikt verktøy gjer med samfunnet og kulturen vår.

 

Vi er inne i det som er omtala som den fjerde industrielle revolusjon. Det er ein revolusjon der teknologi ikkje berre overtek maskinar og arbeidsoppgåver, men også meir avanserte oppgåver. Det handlar om at robotar ikkje lenger eksisterer berre  i science fiction, men er tilstades på fleire og fleire stadar i liva våre.

 

Teknologar hevdar at teknologien har gjort oss til den dominante arten på planeten; vi kan flytte fjell, demme opp elvar og drepe på lang avstand. Vi andre er meir opptekne av kva dette vil gjere med oss som menneske og korleis vi skal organisere oss i det nye landskapet.

 

Arbeidslivet har sidan byrjinga av den industrielle revolusjonen gjennomgått ei enorm endring, og endringar vil fortsetje også inn i framtida. Vi snakkar om at maskinar tek over arbeidsoppgåver og frigjer tid.

 

Enkelte hevdar at vi endeleg har kome dit hen at vi er så effektive at vi ikkje treng at alle jobbar. Kanskje er utopien om at vi er på veg mot eit samfunn med tilstrekkeleg tilgang på fritid og ressursar, delt av dei to ytterpunkta karl Marx og John Maynard, i ferd med å verte oppfylt?

 

Andre hevdar at effektiviteten i hovudsak vil føre til at samfunnet utviklar andre oppgåver eller gjer arbeid med høgare grad av kvalitet – meir tid til kvar pasient i helsesektoren, betre tilbod til kvar einskild elev i skulen og meir ressursar til å styre utviklinga dit vi ynskjer den. vi samfunnsvitarar og humanistar må passe på at det er menneske som styrer og legg kursen for utviklinga, og ikkje teknologien. Dessutan må vi være tett på for å passe på at vi har ein politikk som held tritt med utviklinga. Det er altså meir enn nok å gjere.

 

God sumar og god lesing!