.

Dybde

Bygda er van med å leve med endring:

Innovasjon skjer over heile Noreg – kvar dag

Nyskaping er å tillegga det eksisterande nye namn og bruksområde. Bygda er like mangfaldig når det gjeld ressurstilfang som byen. Likevel er det naturleg at naturressursane står meir i fokus i distrikta, sier professor Dag Jørund Lønning.
  • Gunn Kvalsvik
  • Pressefoto/Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling

Det er lett å tru at gründerverksemd er noko hipt som skjer i urbane strøk. Professor og rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling, Dag Jørund Lønning, meiner at det kvar dag skjer svært mykje og viktig bygdeutvikling utanfor urbane arenaer.

 

Skapande menneske

– For det første har skapande menneske og eldsjeler – menneske som gjer meir enn det som er forventa – alltid interessert meg. For det andre har eg aldri vore nokon bygut. For det tredje er eg sjølv personleg interessert i gardsdrift og bygdeliv. Då vart det slik. Eg vil likevel understreka at eg også interesserer meg for nyskaping i tettbygde strok, forklarar Lønning.

 

– ”Gründing” og innovasjon har nesten blitt eit motefenomen, og stadig fleire coworking spaces tek plass i byane våre. Nokre meiner det nesten vert for mykje og etterlyser debattar kring målretting. Kva tenker du?

– Det å skapa bør aldri bli sett på som ein «ting». Nyskaping er å gå nye vegar, ikkje å følgja motar. Nyskaparen prøver å flytta på den menneskeskapte verda. Gjenskaparen, derimot, kapitaliserer på eksisterande motar og trendar, sier han.

 

Lønning poengterer at han ofte er usikker på om mange av dagens ordningar som ”skal fremja nyskaping”, i realiteten handlar om gjenskaping.

 

– Gjenskaparen tener nok mest pengar av dei to, men så er heller ikkje pengar nyskaparen sin primære motivasjon. Eg har laga ei ”læresetning” om det å nyskapa: ”Du må leva for noko, før du kan leva av noko”.

 

– Så ja, me treng definitivt ein debatt om nyskapings- og næringspolitikk.

– Me treng konkrete utviklingsmodellar som gjer landbruk og bydeliv tilgjengelig for fleire. Eg er oppteken av involvering av ansvar, av deltaking. Dagens landbruk er på full fart i feil retning her. Det blir mindre og mindre menneskefokus, mindre og mindre det levande og mer teknologi og rein hausting.

professor Dag Jørund Lønning

 

Professor i nyskaping og bygdeutvikling

Lønning kan smykke seg med tittelen landets fyrste professor i nyskaping og bygdeutvikling. Dermed er han den fremste til å seie noko om korleis det står til med innovasjonen utanfor byane våre:

 

– Fjell, fjord, eng og skog har vore der i uminnelege tider. At det likevel skjer så mykje nyskaping, vitnar om at det norske bygdemennesket er van med å leva i endring.

 

– Når det gjeld befolkningsutvikling på bygda, ser me store skilnader mellom bygder – også innanfor same region. Dei som klarer seg best, er dei som legg til rette for mangfald, for involvering, for aktiv leik med ressursane. Så ja, nyskaping og positiv befolkningsutvikling heng saman, seier Lønning.

 

– Du har ved fleire høve snakka om berekraftig innovasjon. Kva meiner du med dette?

– Berekraft i praksis krev handling, handling frå mange. Det hjelp lite at du har ein idé om ei ”berekraftig løysing” før mange tek han i bruk – det er først då han vert berekraftig. For å koma dit, treng me meir vektlegging på fellesskap og samskaping, både lokalt og regionalt, forklarer han.

 

– I dag er det altfor mykje fokus på enkeltaktørar. Mange blir sitjande på eigne tuver, og me får ikkje ut dei breiare statlege/ regionale effektane. Ein næringspolitikk som kun dyrkar det å hausta og selja, er definitivt ikkje berekraftig.

 

– Stadig fleire gardar vert lagt ned, gjerne dei som er mindre. Er det stordrift, gjerne kopla med innovasjon, som skal redde jordbruksbygdene våre?

 

– Nyskaping, ja. Stordrift, definitivt nei. Noreg sitt internasjonale fortrinn på landbrukssida er småskalamangfaldet. Det er her me er spesielle. Me treng enno meir mangfald, fleire hender og auge, meir kreativitet, understreker Lønning.

 

– Eit norsk stordriftslandbruk er i realiteten utan internasjonal konkurransekraft og vil vera fullstendig avhengig av grensevern. At ”stor” er det same som ”robust” er ein ideologisk på- stand, ikkje eit empirisk belagt faktum. Dette seier eg også som såkalla ”ekspert” ved EU-kommisjonen, ei rolle eg har hatt no i fire år. Sett utanfrå har Noreg no ein bakstreversk landbrukspolitikk. Fleire og fleire land i Europa bruker store summar på aktivt å få tilbake det me tilsynelatande prøver å bli kvitt. Mangfald og småskaladrift. Dette er paradoksalt, for å seia det mildt.

 

– I boka ”Kva er nyskaping” presenterer du rammene for eit alternativt innovasjons- og nyskapingsregime. Kan du gje ei kort oppsummering?

– Boka er basert på ei dr.philosavhandling på 750 sider, så noka kort oppsummering er ikkje lett å gje. Likevel: Boka er eit grunnleggjande oppgjer med haustingsmentaliteten i notida. Å skapa er ikkje å hausta, og likevel blir det meste av midlane til næringsutvikling nytta til å hausta, pakka og selja. Dette er å byrja med slutten.

Dag Jørund Lønning

Rektor og professor i nyskaping og bygdeutvikling ved Høgskulen for landbruk og bydeutvikling.

Lønning har skrive ei rekke artiklar og bøker om utviklinga i Midtausten, kulturøkonomi, innlevingsøkonomi/opplevingsøkonomi, kulturav, nyskaping og bydeutvikling.

Han er kåra til Årets landbruksbloggar 2014 og Årets bydeprofil 2015 av Nationen siden lesarar og blei, som ein av veldig få forskarer, i desember 2015 plassert på Nationen og Bondelaget si liste over «dei mektigaste i norsk landbruk».

 

Frø-frukt-modellen

Å skapa handlar om det å så, forklarer Lønning. Han fortel om ein modell han har utvikla, som gjerne blir kalla frø-frukt-modellen.

 

– Fokuset er frøa i eit lokalsamfunn, ressurstilfanget, dei mange viktige aktørane, og korleis det å fokusera på såfasen til sjuande og sist alltid vil gje den beste og rikaste frukta. I boka snur eg rett og slett næringsutviklingspolitikken på hovudet.

 

– Tør du håpe på ei verdibølge, som eit tilsvar til teknologi- og digialiseringa som tek stadig større plass i vårt samfunn og også arbeidsliv, som fører til at landbruket igjen vil blomstre?

– Ja , eg håper, men eg veit også at håp ikkje er nok her. Me treng konkrete utviklingsmodellar som gjer landbruk og bygdeliv tilgjengeleg for fleire. Eg er oppteken av involvering, av ansvar, av deltaking. Dagens landbruk er på full fart i feil retning her. Det blir mindre og mindre menneskefokus, mindre og mindre det levande og meir teknologi og rein hausting. Dette skaper avstand.

 

Farlig framandgjering

– Millionar av menneske over heile verda blir framandgjorte i sitt forhold til matproduksjonen. Dette er skremmande og farleg. Me treng ei folkerørsle for eit folkelandbruk. Eit kvart nytt blikk gjer eit fenomen meir spanande og mangfaldig. Einsrettinga og standardiseringa er i ferd med å få overtaket i mange vestlege land, Noreg inkludert. Me treng desperat fleire blikk no, meiner Lønning.

 

– Det er naturleg å vende blikket ut over våre landegrenser. Korleis står det til på bygdene nedover Europa og i resten av verda?

– Det generelle biletet er nok dette: Urbanisering og globalisering er på mange vis standardisering, forklarer antropologen:

 

– Me blir meir og meir ”like” over landegrenser – i tydinga at me blir påverka av dei same globale verdiane. Men då aukar også verdien, både økonomisk, sosialt og kulturelt, av det som er ”ulikt”.

 

Her ligg bygda sitt potensial, og difor er vår tidsalder også ”kulturarven” sin tidsalder. ”Kulturarv” er eit globalt språk – gjennom å framheva vår eiga kulturarv, framhevar me oss sjølve lokalt i det globale.

 

Lønning hugsar framleis feltarbeidet sitt der han reiste til Malawi for å studera kulturarv:

 

– Me sat rundt leirbålet. Dei fortalde om lokale dansar, eg om vestlandsk kystkultur. Me forstod kvarandre 100 prosent, mimrar han.

 

Mykje spanande på landsbygda

Professoren fortel at han stadig kjem over spanande prosjekt utanfor dei urbane strøka.

 

– Eg kjem heile tida borti fantastiske og sprelske initiativ, så det er umogleg å trekkja fram ”det kulaste”. Eg er likevel spesielt forelska i nyskaparane i NordNoreg. Store avstandar og ”lite kundegrunnlag”, som det heiter på marknadsspråket, men likevel eit uhorveleg pågangsmot og ei sterk tru på det å lukkast.

 

– ”Kulturlåven” til Lillian Låve, ja, ho har teke det namnet, i Steigen må berre nemnast. Naboane har ikkje råd til å reisa til Marokko, sa Lillian, så difor skaper eg Marokko på låven. Og det har ho gjort. No kan alle som vil nyta ein nordafrikansk-weekend med fargar, lukter og smakar i ”Marokko-rommet”, ein tidlegare møkakjellar. I andre delar av låven er det tekstil, teater, mat, historiefortelling.

 

– Korleis håper du Noreg sin demografi vil sjå ut 30 år fram i tid?

– Eg håper at alle dei som kan tenkja seg å flytta til og bu på bygda, får høve til det. Då vil det sjå lyst ut for distrikts-Noreg. Eg kryssar også fingrane for at næringsverkemidla er endra. Fokus er ikkje lenger berre på det som kan teljast, vegast og reknast, men på det skapande mennesket. På trivsel, engasjement, motivasjon. Eg håpar at tomme småbruk blir selde, at det tradisjonelle byggefeltet blir bytta ut med anten landsbytenking for dei som vil bu tett, eller store tomter og småbruk for dei som ikkje vil det.

 

– Til slutt vil eg legge til at eg håper bygda lever. Viss ikkje er Noreg eit veldig fattig land, advarer professor Dag Jørun Lønning.