.

Redaktøren har ordet

Dei fristilte arbeidarar

Det er som ei kraft som er umogleg å stoppe. Om det er marknaden som presser ho fram eller om det er eit moderne individualistisk samfunn som driv folk til skapartrong og fristilte yrker er vanskeleg å seie.
  • Gunn Kvalsvik
  • Caroline Roka

Realiteten er uomtvisteleg og tydeleg: vi ser konturane av eit nytt arbeidsliv der det vert stadig fleire fristilte utøvarar. Vi snakkar om gründerar, frilansarar, innovatørar og sjølvstendig næringsdrivande av ei eller anna form.

 

Samstundes med veksten kan vi konstatere at statusen til fristilte arbeidarar har stige; det er rett og slett ganske kult og tidsriktig å vere fristilt. Uansett, endringane krev at arbeidslivets aktørar må forhalde seg til ei verd der stadig fleire har ei lausare tilknyting til arbeidsgjevarar.

 

Som erfaren frilansar får eg av og til, heldigvis sjeldan, ei kjensle av å sitte med svarteper. Det skjer for eksempel når folk rundt meg fortel om feriepengar som nyleg har kome inn på kontoen, kule julebord, turar med diettpengar eller vidareutdanning som jobben betalar, gode som ikkje finst i ”vår verd”. Det verste temaet er likevel pensjon. Då stenger eg vanlegvis av medan eg konsentrerer meg om fleksibiliteten og styringa av eiga tid. Sosiale rettar er ei utfordring for dei fleste som driv for seg sjølv, noko også den ferske gründerdirektøren i Innovasjon Norge, Pål Næss, peikar på. Noko av hans fokus framover er nettopp å jobbe for styrke rettane til dei fristilte arbeidarane.

 

Politikarar og forskarar er einige i at vi treng innovasjon og nytenking for å halde oss konkurransedyktige. Sjølv om det skjer nytenking innanfor allereie etablerte bedrifter og føretak, så meiner stadig fleire at dei fristilte yrkesutøvarane tenker annleis og meir kreativt og dermed er viktige brikkar for utviklinga framover.

 

Det er fleire forhold fagforeiningane må ta innover seg når stadig fleire i arbeidslivet ikkje er i eit tilsetjingsforhold. Blant anna kan det tyde på at det er med på å krympe organiseringsprosenten, noko som er dramatisk også for tyngda til trepartssamarbeidet. Leier Merete Nilsson i Samfunnsviterne seier at Samfunnsviterne ønsker å opne opp for og stimulere fleire fristilte til å velje medlemskap. Kartlegginga er allereie i gang med blant anna ein blodfersk rapport utarbeida av Samfunnsviterne og Tankesmien Agenda. Den skal blant anna brukast som kunnskapsgrunnlag for å utforme plattforma for dei ”nye” fristilte arbeidarane og framtidas arbeidsliv.