.

Redaktøren har ordet

Kompetanse i framtidas arbeidsliv

Med nyvinningar og innovasjon vil svært mange arbeidsoppgåver forsvinne i åra som kjem. Historisk er dette ikkje nytt; menneske har til ei kvar tid streva for å gjere oppgåver meir effektive og på det viset også få eit forsprang til konkurrentane.
  • Gunn Kvalsvik
  • Caroline Roka

Einskilde hevdar dette ligg så djupt i vår natur at det er evna til å tenke langsiktig og til å effektivt bruke reiskapar som skil oss frå dyra. Spørsmålet mange stiller seg, er om den digitale teknologiske tidsepoken skil seg frå tidlegare endringar, fordi datamaskinene etterkvart har vorte så effektive at dei erstattar menneskeleg intellegens. Vil maskinar og robotar rett og slett gjere dei fleste jobbane i framtida?

 

Det nye arbeidslivet som krystalliserer seg, er spanande, men også utrygt fordi det inneheld mange usikre variablar. Problemstillinga fordrar fleire spørsmål og gjev få svar. For eksempel: Kva kjem nye arbeidsoppgåver som vil oppstå, til å bestå av? Og om vi ikkje treng så mange hender, kva skal så overskotsarbeidarane sysle med? Er borgarløn ei løysning? Dersom arbeidsoppgåvene vert endå meir effektive, korleis kan politikken utformast for å få til ein god fordelingspolitikk om det er det vi ynskjer oss? Og sist, men ikkje minst: Korleis skal utdanningsinstitusjonane våre gjere kunnskapen sin relevant?

 

Samfunnsviteren har hatt mange interessante samtalar for å sy saman dette temanummeret. Klaus Morgens fra Institutt for fremtidsforsking i København skisserer fire scenarier for arbeidslivet framover. Ei anna som deler sitt syn, er Nanna Kildal, forskar ved Rokkansenteret i Bergen, som meiner borgarløn aldri har vore meir aktuelt. SSB-forskar Nils Marin Støren er derimot sikker på at eksisterande arbeidsplassar vil verte erstatta av nye. Den siste Kandidatundersøkelsen frå NIFU syner at karakterar er viktigare enn tidlegare for å få ein relevant jobb, noko som fortel at konkurransen tilspissar seg. Ved NTNU meiner dekan Marit Reitan at samfunnet framover treng akademisk utdanning meir enn nokon gong.