.

Dybde

Mind the gap

Mellom 10 og 15 prosent av nordmenn lever under fattigdomsgrensa. Ein fattigdomsforskar meiner at dagens fattigdomspolitikk handlar om meir enn dei relativt få fattige.
  • Gunn Kvalsvik

Professor Ivar Lødemel har i ei årrekkje forska på samfunnets lågaste økonomiske klassar, i både inn- og utland. No uroar han seg over at myndigheitene strammar inn i velferdspolitikken.

– Vi ser ei utvikling der velferdsgoda, som har fungert som ein sikkerheitsventil for verdigheita og levekåra til dei fattigaste, er i ferd med å endre både form og innhald. Dette kan rokke ved eit system som har gjort at avstandane mellom samfunnsmedlemmane har vore innanfor det som vert opplevd som akseptabelt, seier Lødemel.

 

Skam og strategiar

Lødemel, som held til ved Høgskulen i Oslo, forklarer at det fort endar med kjensler når ein kjem inn på temaet fattigdom. Det riv oss i hjartet og skaper politiske bølger. Etter å ha vore fråverande frå politiske dokument i heile etterkrigstida kom tema tilbake då tidlegare statsminister Odvar Nordli i 2001 uttala at «Det er en skam at vi har sytti tusen fattige barn her i landet». Med det var katten ute av sekken, og politikarane måtte forhalde seg til eit omgrep som har sitt eige innebygde politiske handlingsimperativ. Det vart starten på eit fattigdomstiår prega meir av moralsk panikk enn handling som ga resultat. Nordli trakk fram nasjonal skam. Også dei som vert ramma av fattigdom opplever skam. Mange med lite pengar bruker nemlig, ifølge forskaren, ein god del av tida si på å skjule tilstanden.

 

– Gjennom eit internasjonalt forskingsprosjekt, som strekk seg frå Kina i aust og Uganda i sør til USA i vest, har eg og min kollega Erika Gubrium saman med ei rekke internasjonale forskarar samanlikna opplevinga av å være lågast på den økonomiske rangstigen. Det interessante er at alle med ein slik posisjon nyttar strategiar og mykje tid på å skjule tilhøva, seier han.

 

Lødemel fortel at i Uganda kjem dette til uttrykk ved at ein til dømes unngår plastikksko. I India er dei svært opptekne av å være reine i tøyet, og i Noreg handlar låginntektsgrupper i billigare butikkar og unngår kostbare fritidsaktivitetar.

 

– Hos oss er det kanskje lettare å skjule fattigdommen, men våre respondentar fortel om møter i til dømes nabolag og med NAV der dei får kjenne på skamma, seier Lødemel.

 

Å leve under fattigdomsgrensa handlar om å ha ein økonomi som er ein viss prosent under medianinntekta i landet. To statistikkar vert nytta; den eine er laga av OECD og den andre av EU.

 

– Val av definisjon påverkar omfanget av den rapporterte fattigdommen. OECD opererer med inntekt under 50 prosent av median. Når den vart lite nytta i fattigdomstiåret, skuldast dette delvis at ein slik definisjon då ville gjere at mange av minstepensjonistane fall under fattigdomsgrensa. Siste åra har det også i Noreg blitt vanlegare å bruke EU sin definisjon. Den er rausare og set grensa for låginntektsgruppa på 60 prosent lågare enn det som er medianinntekta i landet. I tal snakkar vi om mellom 300 000 og 600 000 personar, avhengig av definisjon, forklarer professoren.

 

Kjenneteiknet på dei som er lågast på den økonomiske rangstigen i Noreg, er at dei av ulike grunnar ikkje er aktive i arbeidslivet.

 

Hårfin balanse

Ivar Lødemel fortel at han saman med Kåre Hagen i 2010 skreiv ein artikkel med tittelen Fattigdomstiåret. Den vart publisert i boka «Det Norske Samfunn». Eit av poenga til Hagen og Lødemel var at det i perioden 2000 til 2010 herska ein form for moralsk panikk som førte til at fattigdom vart sett høgt opp på den politiske agendaen.

 

– I ettertid har vi, med fleire, peika på at dette også var ein av hovudgrunnane til at Arbeidarpartiet tapte valet i 2001. Utanlandske kollegar opplever det som paradoksalt at hovudarkitekten for kanskje verdas sterkaste velferdsstat taper valet på grunn av manglande tiltak mot fattigdom, ein fattigdom som både var rekordlav og stabil. I dag er debatten ikkje berre stilna. Det vert knapt snakka om dei «fattige», poengterer Lødemel.

 

– Det er også paradoksalt, når SSB nyleg offentleggjorde statistikk som viser ei sterk auke i spesielt barnefattigdommen dei siste åra. Det nye er at det er den vedvarande fattigdommen som aukar i barnefamiliar. Medan barn framfor fattigdom var mobiliserande i 2001, så blir det kanskje ekstra problematisk for politikarar når ein no har valt å skilje mellom etniske nordmenn og innvandrarar, der auken er størst, undrast Lødemel.

 

– Er det ei auke i kor mange i den vestlige verda som lever under fattigdomsgrensa?

– Ifølge målingar veks gruppa som lever under fattigdomsgrensa både i Europa og USA. Ikkje dramatisk, men trenden er klar. Det problematiske er at veksten blant anna reduserer middelklassen. Når veksten skuldast at store grupper fell ned i fattigdom heller enn at dei tradisjonelt fattige blir fleire, så kan det få dramatiske følgjer. Fleire meiner at både Brexit og Trump-sigeren i USA er påverka av aukande fattigdom, seier han og legg til:

 

– Når det er sagt, må eg understreke at det i Noreg er få som lever under fattigdomsgrensa, også samanlikna med andre vestlige land. I tillegg har vi gode ordningar og ikkje minst universelle tenester som gjer at avstandane mellom klassar er mindre enn i andre land og at ingen svelt eller frys.

– Den digitale og teknologiske utviklinga har skote fart, og mange hevdar at det vil ta jobbane frå mange. Når dette skjer, må vi vere merksame på to ting; det eine er at folk har ein enorm sterk identitet knytt til jobb og at tap av denne kan skape stor uro, og det andre er at vi må innføre ein skattepolitikk som gjer at vi har råd til å halde levestandarden på eit tåleleg nivå.

Ivar Lødemel
Professor Ivar Lødemel har i ei årrekkje forska på samfunnets lågaste økonomiske klassar, i både inn- og utland. No uroar han seg over grepa politikarene vel å gjere overfor gruppa.

 

Fortid, nåtid og framtid

Etter den andre verdskrigen har Noreg hatt ein velferdspolitikk der staten har sørga for at den økonomiske skilnaden mellom klassane er på eit akseptabelt nivå. Det har også vore rausheit med omsyn til krav om flytting og å måtte ta jobbar ein er overkvalifisert til.

 

– Trass den gode velferdspolitikken har mange kjent på det kulturelle stigmaet det er å ikkje delta i arbeidslivet. Identiteten vår er sterkt knytt opp mot arbeid, og når det ikkje er på plass føler mange seg utanfor, som annanrangs borgarar, forklarer Lødemel.

 

Han tenker seg litt om, leitar fram eit hefte frå bokhylla om forholda i USA og fortel at han ønskjer å lage eit liknande prosjekt i Noreg. Opportunity, responsibility and security er skrive av ei gruppe forskarar i regi av Brookings, og agendaen er å redusere fattigdom gjennom å finne politisk konsensus om nasjonale verdiar og å kome med løysingar på korleis USA igjen kan verte eit land der draumar kan bli realiserte.

 

– Vi er faktisk likare USA enn vi likar å tru, og eg trur at vi også her til lands må passe på at vi opnar opp for at alle grupper kan drøyme oppover. Vi har begge høg yrkesdeltaking. Arbeidslinja og vår identitet som ytarar i arbeidslivet står sterkt i begge kulturar, og når jobbar forsvinn, vert folk fortvila og etter kvart sinte. Fram til no har vi hatt låg arbeidsløyse, men dette er i ferd med å snu. For å seie det slik: på sikt er eg enno meir redd for robotiseringa av samfunnet enn for auken vi ser i den tradisjonelle fattigdomen.

 

– Kva meiner du med det?

– Den digitale og teknologiske utviklinga har skote fart, og mange hevdar at det vil ta jobbane frå mange. Når dette skjer, må vi vere merksame på to ting; det eine er at folk har ein enorm sterk identitet knytt til jobb og at tap av denne kan skape stor uro, og det andre er at vi må innføre ein skattepolitikk som gjer at vi har råd til å halde levestandarden på eit tåleleg nivå, seier han.

 

Forskaren forklarer at negativ sosial mobilitet er det skumlaste og at det alltid skaper misnøye og uro. Om vi opplever at velferdspolitikken aukar gapet mellom dei rike og dei fattige, endar vi opp med eit problem.

 

– Likevel er det viktig å minne om at vi har gjort fleire spådommar om velferdsstatens krise til skamme, og at vi er eit samfunn som er godt rusta til å finne ny aktivitet når mange av dagens jobbar forsvinn.

 

– I Noreg har staten hatt råd til å la folk verte buande når til dømes hjørnesteinsbedrifta forsvinn. I staden for å flytte på seg, viser statistikkane at mange faktisk endar som uføretrygda. Dette vert ei form for skjult arbeidsløyse, noko vi kanskje ikkje vil ha økonomi til å forsette med dersom oppslutninga om og inntektsgrunnlaget for velferdsstaten vert svekka, forklarer han.

 

System under endring

– Du sa innleiingsvis at norske myndigheiter har byrja å stille strengare krav til dei som tek imot stønader. Kan du forklare kva som ligg i dette?

– Arbeidsavklaringspengar og aktivitetsplikt er nye omgrep i velferdspolitikken. Bak orda ligg reformer med sterkare krav om aktivitet. For eksempel må dei som har restarbeidsevne bruke den, og er du arbeidsledig må du kanskje flytte på deg eller ta det som vert tilbudd deg. Om desse reformene ikkje lukkast i det offisielle målet om å å fremje overgang til arbeid, men heller skalkar lukene inn i velferdsstaten slik vi har sett det i fleire land, kan det bety å ta vekk det eg kallar sikkerheitsventilane; ventilar som har gjort skilnadane i samfunnet vårt mindre synlege og graden av skam lågare, fastslår Lødemel.

 

Han legg til at ventilane kanskje også har medverka til at dei som har vore ”utanfor” har halde seg i ro.

 

– Eg såg eit program på TV-en i går, Trygdekontoret. Der vitja Thomas Seltzer nokre karar i ei fråflyttingsbygd som skal verte dømde etter mafiaparagrafen etter å ha planlagt å drepe ulv. Seltzer let mikrofonen vere open, og det kom fram at mennene meinte at ulven var grunnen til så mangt og så mykje, blant anna fråflytting og mangelen på kvinnfolk, fortel han.

 

Han ler litt, før han finn tråden igjen.

 

– Det eg prøver å seie, er at samfunnet vårt er som ein trykkokar, og når ventilane ikkje lenger er der, så vil det koke over. Med ventilar meiner eg ein raus velferdspolitikk. Då vil folk protestere. I dag er det kanskje ulvar som er skyteskiva. Utan velferdsstaten ville kanskje det norske «krattskog-beltet» skape liknande reaksjonar som vi no ser i det amerikanske rustbeltet.

 

– Du snakkar igjen om verdigheit?

– Byggjer vi ned velferda, for eksempel med høgare tersklar inn i uføretrygda, får vi eit problem. Vert det for synleg at samfunnet vårt har for store skilnadar, og ikkje minst at stadig fleire opplever vedvarande fattigdom og nedgåande sosial mobilitet, aukar trykket. Og då vert det meir uro, seier han.

I Noreg har staten hatt råd til å la folk verte buande når til dømes hjørnesteinsbedrifta forsvinn. Dette var også politikken da Jernverket i Mo ble lagt ned.

Ivar Lødemel
Professor, fakultet for samfunnsvitenskap ved Høgskolen i Oslo

Tilknyttet forskningsgruppen; Samfunn, velferd og sosialpolitikk (SWAP)

SWAP forsker på spørsmål knyttet til velferdsstaten og sårbare grupper i samfunnet.

(Kilde: hioa.no)

 

Ønskje om forandring

Ei slik uro fører til sist til eit sinne, og ikkje minst krav om forandring, meiner Lødemel. Dette ser vi i USA, der folk stemte fram Trump fordi dei ønskjer arbeid og stabilitet og ikkje nedgåande mobilitet. Der er syndebukken eliten, media og fleire grupper med innvandrarar.

 

– Kvifor innvandrarar?

– Sjølv om det gir lite lindring, så peiker ein ofte nedover i hierarkiet på jakt etter syndebukkar. Det er ikkje usannsynleg at innstrammingar også her til lands kan føre til at motstanden mot innvandrar vert sterkare. Den type struktur som myndigheitene legg opp til, gjer nemleg noko med folk. Dei byrjar å jakte på ein syndebukk for å føle seg betre sjølve, forklarer han. Dette ser vi også tydeleg i forskinga vår på skam og fattigdom.

 

– Og dei rikare går fri?

– Ja, dei går fri. I alle fall i første omgang. Men strukturane som skaper skilnadane mellom gruppene i samfunnet vert synlegare, og det truer opplevinga av eit «oss». Dette «vi-et» har stått sterkt i landet vårt, ikkje minst på grunn av ein god velferdspolitikk, forklarer han.

 

Professor Lødemel meiner at dette gjer det ekstra viktig å få våre nye landsmenn inn i arbeidslivet. Arbeidslivet er identitetsskapande og gjer dei til ein del av oss. Utan arbeid vert dei fort uglesette og lett gjorde til hakkekyllingar.

 

Igjen peikar han på USA, der kandidat Clinton avslutta ei av talene sine med å peike på Trump-veljarane og omtalte dei som «deplorable».

 

– Når ho sa dette, tenkte eg om mange rundt meg i New York, der eg arbeidde i fjor, at laupet kanskje var køyrt; at Clinton hadde gått altfor mykje til høgre, og ikkje minst at ho trampa på folk si verdigheit og braut opp ideen om eit «oss».

 

«Pliktdiskurs» kan bygge ned «vi-et»

Professor Lødemel er forsiktig når han skal seie noko om framtida og om vi kjem til å oppleve fleire fattige i Noreg.

 

– Eg er optimistisk av natur og meiner at landet vårt har klart seg gjennom verre kriser før, både når det gjeld fattigdomsauke og den globale flyten av menneske. Så lenge vi klarer å bygge eit vi, eit oss, så har vi ressursar og styrke. Det er politiske val som har skapt velferdsstaten, og nye val må til for å fornye og bevare den, fastslår han.

 

– Men igjen, eg vil åtvare myndigheitene og be dei vere forsiktige med å føre ein undertrykkande politikk. Ei aktivitetsplikt høyrast bra ut for dei fleste, men ein «pliktdiskurs» kan forsterke avstanden mellom klassane og bygge ned «vi-et». Eg har leia to internasjonale prosjekt om arbeidslinja i forhold til marginale grupper i Europa og i USA. Her ser vi at rett og plikt-diskursen har styrt politikken i repressiv retning i dei fleste landa. Kanskje enno alvorlegare for velferdsstaten er den «smitteeffekten» denne politikken ser ut til å ha oppover i velferdshierarkiet: I Storbritannia er alle arbeidslause og sjuke i yrkesaktiv alder omfatta av ein politikk som liknar den nye aktivitetsplikta i den norske sosialhjelpa. Resultatet kan du best sjå i filmen «I, Daniel Blake», avsluttar professor Ivar Lødemel.