Brøgger var inspirert av den engelske antropologen Victor Turner sitt fokus på ritual, konflikt og symbol i forståinga av korleis menneske definerer seg og si gruppe. Kanskje fordi eg akademisk var ein ”tabula rasa”, slukte eg tankane og logikken ukritisk. Det var som ei openbaring og gav meining, og gjennom dei analytiske formlane tolka eg alt frå relasjonane i heimbygda mi til opplevingar eg hadde hatt på reiser i fjernare himmelstrok.
På eit merkeleg vis, eller kanskje var det ikkje så merkeleg, dukka pensumet i grunnfag antropologi og teoriane frå Turner og Brøgger sine førelesningar opp i hovudet mitt då eg jobba med denne utgåva av Samfunnsviteren. Igjen såg eg tydelege mønster som skapast ved at vi ryddar verda, både den litle og den store, ved å peike på felles ritual og verdiar – altså kor sterkt dette behovet for å definere ”vi” og ”dei andre” fører folk saman eller splittar.
Den raude tråden i denne utgåva av Samfunnsviteren er ulikskap, og gjennom eit knippe artiklar kan du lese korleis forskarar bruker ulikskap for å forstå alt frå presidentvalet i USA til Storbritannias Brexit, til utdanningsval i Noreg.
Nesten 30 år etter mitt fyrste møte med Brøgger og Turner er mi beundring og entusiasme for deira teoriar meir modifiserte. Verda er kompleks. Likevel likar eg tanken om at det er ei kraft som ligg i oss, eit ønskje om å tilhøyre og om å gruppere oss.
God lesing!
Skriv en kommentar til redaksjonen