.

Redaktøren har ordet

Er «fake news» eit «fake» problem?

Ifølge BBC må vi til Makedonia for å finne opphavet til dagens «fake news»-debatt. Det var nemleg der, sør i Europa, at hundrevis av ungdommar for halvanna år sidan dikta opp og skreiv sensasjonsprega og positive nyheiter om Donald Trump.
  • Gunn Kvalsvik
  • Caroline Roka

Vidare betalte dei Facebook, gjennom annonseplassering, for å dele artiklane, og vips, så vart sakane likt og delt av eit amerikansk publikum i valmodus. Samstundes som amerikanarane let seg påverke, rann pengane frå annonsesalet inn til dei makedonske ungdommane.

 

Sjølv om det kan opplevast slik, er ikkje fenomenet «fake news» nytt. Det er noko media har levd med til alle tider, gjennom ryktespreiing, konspirasjonsteoriar, løgn og bevisst bedrag, fortel førsteamanuensis Bente Kalsnes ved Institutt for journalistikk og mediefag ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

 

Det er ikkje tvil om at handlingane til dei makedonske ungdommane kan definerast som «fake news» – løgn og bedrag, med eit konkret mål. Den enorme interessa for og debatten rundt omgrepet eksploderte likevel fyrst etter ei pressekonferanse der den nyvalde presidenten Donald Trump svarte ein CNN-journalist med fylgjande utsegn: «You are fake news». Reaksjonane let ikkje vente på seg, og raskt vart «fake news» eit av Trump sine yndlingsutsegn, helst skrive med store bokstavar på Twitter. Det vart også eit omgrep som spreidde seg til resten av den vestlege verda og med eit breiare innhald enn det opphaveleg hadde.

 

Desse hendingane var sentrale for at omgrepet «fake news» brått var på alle sine lepper, men episodane forklarer ikkje kvifor omgrepet på rekordtid har vorte nærast eit mote- og fryktord. Det botnar neppe i Trump sin karisma eller i mediemakta til makedonsk ungdom.

 

Dei fleste som prøver å kome til botn i «fake news»-fenomenet, peikar på medierevolusjonen og eit hav av informasjonskanalar – noko som også etter kvart medførte ein aukande frustrasjon over å stadig måtte stille spørsmål ved validiteten av informasjonen. I tillegg nærmast druknar vi i algoritmar som teppebombar oss med alt frå sydenferiar og antirynkekremar til informasjon gjennom plasserte artiklar som skal selje eit eller anna produkt. Det er heller ikkje lett å navigere mellom overskrifter som spissar forskingsfunn med mål om å få flest mogleg «likes» heller enn å drive med forskingsformidling. Som medieforskar ved NTNU Petter Bae Brandtzæg poengterer: ”Vi er ikkje lenger villige til å ta den risikoen det er å stole på mediar fordi erfaringane våre tilseier at ikkje alt som vert formidla, er etterretteleg. Media må jobbe for å vinne attende folks tillit.”

 

For å drøfte «fake news»-fenomenet har Samfunnsviteren blant anna snakka med leiar for Forskingsrådet, John-Arne Røttingen, som fortel at stadig fleire uttrykker mistillit til forsking. I ei fersk undersøking svarer 40 prosent av dei spurde at dei er usikre på om forsking er objektiv. Dette er ikkje berre media si skuld, seier han. Røttingen trur at openheit og transparens frå forskarar må til for å snu trenden. Vi har og snakka med pedagog og forskar ved Universitetet i Oslo, Ingvill Rasmussen, som utviklar ein app og eit dataprogram som skal vere verktøy for lærarar som skal undervise ungdomsskuleelevar i kjeldekritikk. Hennar motivasjon er at den oppveksande generasjonen må kunne navigere i eit samfunn med ein stadig aukande informasjonsstraum.

 

Samfunnsviteren har og snakka med Trude Maaseide, kommunikasjonssjef på Statsministerens kontor. Ho peikar på at det heldigvis er stor skilnad mellom USA og Noreg og at det generelt sett herskar god tiltru til politikarar her til lands. Ho meiner likevel at vi alle må vere merksame slik at vi ikkje trår feil og vidareformidlar feilaktige nyheiter. Det gjeld både politikarar og media.

 

Medietopp og leiar for Tinius-stiftelsen, Kjersti Løken Stavrum, hevdar at «fake news» har spreidd seg og vekse fordi folk ikkje er nøgde med det media leverer. Ho trur at folk sin mistillit fyrst og fremst kan forklarast med eit ønske om betre og grundigare journalistikk, samt eit ryddigare medielandsskap. Stavrum meiner at eit viktig steg er å grave djupare i kva folk faktisk meiner når dei på meiningsmålingar seier dei har mistillit til media, altså kva som ligg i tillitsomgrepet. I mellomtida ber ho mediehusa konsentrere seg om å lage god journalistikk i opne system som trygger lesarane.