.

Redaktøren har ordet

Nei takk, eg vil ikkje kjøpe BitCoin

Har du opplevd å verte hacka? Kanskje ikkje, men høyrt om det, har du garantert! Historiene er dessverre etter kvart mange, og ein del av dei er urovekkande.
  • Gunn Kvalsvik
  • Caroline Roka

Vi snakkar om svenskar som lagrar usikre data i Tsjekkia, Julian Assange i WikiLeaks som blant anna hentar ut gradert militær informasjon, og straumstopp som ramma halve Ukraina etter ein krangel med nabolandet Russland.

 

Hacking av enkeltpersonar skjer i hovudsak i samband med identitetstjuveri med ønskje om  økonomisk vinning. Men det kan også vere at nokon opprettar ein falsk Facebook-profil i ditt namn eller sender ut e-postar med din signatur, for eksempel for å spreie virus.

 

Kjenneteikn på at du er hacka er ikkje alltid like lett å avdekke. Nokre teikn finst, og eit av dei er at det dukkar opp ukjente vindauge på datamaskina di eller at du oppdagar endringar på verktøylina i nettlesaren. Du bør også stille spørsmål når folk får e-post med din signatur utan at du har sendt den eller når det skjer ukjente aktivitetar på Facebook-kontoen din. Andre teikn kan vere at brannmur- eller antivirus-program brått koplar seg ut, at musepeikaren lever sitt eige liv eller at tekst kjem av seg sjølv utan at du skriv. Det siste handlar helst om at hacking på arbeidsplassen. Uansett: Sjekk, sjekk!

 

Poenget er at vi må vere bevisste på at digitaliseringa gjer oss sårbare, men også at ein kvar  dings kan gje aktørar inngang til vårt liv. For ein ting er hacking, ei anna greie er all informasjon vi meir eller mindre aktivt deler når vi lastar ned app-ar, kjøper ein moderne bil eller registrerer e-posten for å få tilgang til ei web-side. Informasjonen kan seljast – og det skjer. Direkte marknadsføring er ikkje ulovleg, og det skjer heile tida. Googlar du «ferietilbod», kan du vere viss på at ferieannonsar på Facebook og andre nettsider nesten druknar deg. Sjølv får eg for tida ei rekke e-postar med tilbod om å kjøpe BitCoin, noko eg mistenker handlar om at eg skreiv noko om BitCoin si rolle i organisert kriminalitet. Korleis informasjonen om at eg har tasta BitCoin i ein artikkel har lekka ut, veit eg ikkje, men det har den.

 

I informasjonssamfunnet – er vi på sikkert spor?

I denne utgåva av Samfunnsviteren har vi altså skrive om informasjonssikkerheit. Du kan mellom anna lese om EU si nye personvernforordning og kva ho betyr for verksemder som behandlar personopplysningane dine.