.

Redaktøren har ordet

Redaktøren har ordet

Fenomenet dukkar opp allereie i barnehagen. Utestenging, trakassering, verbale negative utsegn og «blikking». Nokon kallar det mobbing, andre krenkelsar.
  • Gunn Kvalsvik
  • Caroline Roka

Det vi veit, er at uansett tiltak verkar det aldri ta slutt. Mobbing skjer der folk møtast og grupperer seg i ei eller anna form. Derfor finn vi det blant skuleungdom, blant studentar ved studiestadar og på arbeidsplassar. Ja, til og med ved landets eldresentre.

 

Formen på krenkingar og mobbing varierer, men mykje er likt. Det materialiserer seg i ulike former for fysisk eller psykisk trakassering. I arbeidslivet viser til dømes SSB-statistikk at hyppig kunde- eller brukarkontakt gjer arbeidstakarar meir sårbare for seksuell trakassering enn andre yrkesgrupper. Slike krenkingar råkar kvinner hardast, og særskilt utsatt er yngre kvinner.

 

Korleis ein responderer på krenking varierer også. Medan nokon synest å ta lett på røff kultur, reagerer andre kraftig og endar opp i sjukmelding. Tåler vi for lite? Morten Birkeland Nielsen, arbeidslivspsykolog ved STAMI, skil mellom robuste og mindre robuste menneske når han skal forklare kvifor nokon synest å tåle meir enn andre.

 

– Vi er rett og slett ulike, noko ein som leiar må ta høgde for, fastslår han.

 

Kostnadane er store både for dei som rammast og for arenaene der krenking skjer, men også reint samfunnsøkonomisk. Derfor jobbast det iherdig for å finne tiltak som reduserer eller eliminerer usunn kultur i forskingsmiljø, gjennom konkrete tiltak og kampanjar.

 

Dei siste månadanes #metoo-bølge har satt uønska seksuell merksemd på agendaen. Frå å vere eit fenomen som knapt vart debattert, er det på alle sine lepper. Det har også  seniorrådgjevar ved UiO, Hege Elisabeth Løvbakk, erfart.

 

– Eg har hatt likestilling som ansvarsområde i fleire år, og frå å vere ho som knapt vart høyrt, vert eg no inkludert i alle fora, fortel ho. Universitetet har no i samarbeid med Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) starta eit prosjekt for å kome fenomenet tillivs.

 

Så kvifor er det så vanskeleg å få ein slutt på ukulturen? Sjølv etter årevis med årvakent barnehagepersonell, med antimobbeprogram og regulerande arbeidsmiljølover held vi fram med å krenke kvarandre. I følge psykolog Erling Rognli, som er intervjua i dette magasinet, er dette ein kamp vi er dømt til å tape fordi mobbing og krenkingar er ein del av det emosjonelle systemet, forma av evolusjonen og ein del av statushierarkiet. Tendensen til å mobbe er nemleg eit trekk som har overlevd fordi det løner seg å posisjonere seg ved å trekke andre ned. Rognli hevdar vi ikkje i stor nok grad tek dette faktumet med i tiltak for å redusere ukultur.

 

– Leiarar og tiltak bør fokusere meir på å redusere status mobbing gjev i gruppa, seier han.