.

Redaktøren har ordet

Redaktøren har ordet

Når eg tenker berekraft, koplar hjernen min seg automatisk til den svenske økonomen Hans Roslings TED Talk "The Washing Machine”. På få minutt klarer han det kunststykket å gje oss ei forståing av mennesket si tilstand og av utviklinga dei siste 100 åra.
  • Gunn Kvalsvik
  • Caroline Roka

Rosling sitt poeng er at svært mykje av verdas framgang har skjedd på grunn av teknologiutvikling og industrialisering. Gjennom å bruke si eiga familiehistorie om kva som skjedde då bestemora hans gjekk frå å koke vatn og skrubbe klesvasken til han vart rein til å bruke ei vaskemaskin, skaper han eit bilete av korleis tid vart frigjeve til blant anna å lese bøker for mor til Rosling.

 

Retorisk spør Rosling: Kva kjem ut av vaskemaskiner? Svaret er bøker. Når kvinner si tid vart frigjort frå klesvask, fekk dei tid til å lese bøker til sine barn, noko som igjen førte til eit anna spor – nemleg utdanning. Det mest presserande spørsmålet vi står overfor, i følgje den svenske professoren, er derfor korleis vi skal få til ei fordeling som gjer at alle i verda kan nyte den same fridomen som hans bestemor og resten av den rikare delen av verda har fått tilgang til, utan å øydelegge klimaet og miljøet.

 

FN sine 17 bærekraftmål er eit sentralt dokument som myndigheiter og bedrifter navigerer etter for blant anna å oppretthalde levestandardarar, få til ei betre fordeling av godar og samtidig ivareta jordkloden vår. Men altså; FNs bærekraftmål materialiserer seg ikkje av seg sjølv. Dei må definerast inn, og det må styrast målretta både internasjonalt, nasjonalt, i bedrifter og på individnivå. Det handlar, som blant andre Carlo Aass frå Høgskulen på Vestlandet presiserer i ein artikkel i denne utgåva av Samfunnsviteren, om at vi alle har eit samfunnsansvar. Vi har alle eit ansvar for at verdas utvikling tilfredsstiller dagens behov utan å øydelegge for framtidas generasjonar sine moglegheiter til å tilfredsstille eigne behov.

 

I 2010, då professor Hans Rosling delte si tese på TED Talk, var det mange som meinte at vi måtte velje anten økonomisk vekst og teknologiutvikling eller bærekraft. I dag tenkjer dei aller fleste, kanskje minus nokre få misantropar, at vi må samkøyre. Vi kan produserer mat meir effektivt gjennom ny kunnskap slik at fleire munnar vert metta, miljøet vårt kan reinsast ved hjelp av teknologi og ved hjelp av nye digitale hjelpemiddel kan fleire pasientgrupper få rett medisin.

 

Ein annan verknad ved å navigere etter bærekraftmål, er at det på sikt også fører til stabilitet og betre økonomi for bedrifter. Leiaren for bærekraftige investeringar i Storebrand, som forvaltar til saman 700 milliardar kroner, seier at bedrifter som er gode på likestilling, klimasatsing og har lite korrupsjon, også er meir lønnsame.

 

Fleire hevdar at teknologar og naturvitarar må supplerast med samfunnsvitarar og humanistar for at vi skal kunne skape gode system kring samfunnsansvaret. Med vår fagbakgrunn har vi metodar og analytiske verkemiddel som blant anna gjer at vi kan avdekke sosiale mønster og drive pedagogisk formidling. I tillegg har vi det som mange hevdar er viktigare enn nokon gong, nemleg endringskompetanse.

 

I denne utgåva av Samfunnsviteren er temaet berekraft og samfunnsansvar. Fokus er kva vi kan bidra med ved å nytte vår samfunnsvitar- og humaniorakompetanse. Mens Siri Engsæth gjennom 25 år har brukt sosialantropologisk teori og metode i sitt arbeid med samfunnsansvar, fortel Matthew Smith, leder for berekraftige investeringsfond i Storebrand, at det lønner seg å satse på bedrifter som tar ansvar. Du kan og lese korleis medlemmar har nytta kompetansen i jobbar hjå verksemdene EAT, Polarinstituttet og Innovasjon Norge, og Samfunnsviterne fortel korleis dei som fagforeining arbeider med samfunnsansvar.

 

God sumar og lesing!