.

Redaktøren har ordet

Redaktøren har ordet

Nyleg las eg Edwards Hoems bøker som skildrar korleis livet arta seg for fleire generasjonar av slekta hans i perioden frå 1870-talet og fram til moderne tid. I bøkene fylgjer vi i hovudsak dei som forlét Hoen-garden og emigrerer til USA. Nennsamt forklarar forfattaren kva som dreiv slekta hans til å setje ut på ei så strabasiøs reise som overfarten over Atlanteren faktisk var.
  • Gunn Kvalsvik
  • Caroline Roka

Hovudgrunnen var mangel på plass på garden. Jordstykket kunne ikkje delast opp fleire gongar og dermed huse fleire slektsledd. I tillegg skjer det noko anna som forstyrrar mønsteret i Hoemslekta, nemleg den andre industrielle revolusjon. Ein revolusjon som blant anna betydde store og verdsomspennande endringar i den industrielle sektoren, at fleire klatra oppover på behovspyramiden, altså fekk betre økonomi – men som også førte til større skilnadar. Det skjedde og ei eksplosjon av vitskapleg nyvinning, utbygging av elektrisitet og ikkje minst utbygging av infrastrukturen i form av tog og skipstrafikk.

 

Det var også ei ny epoke i verdshistoria der folk flest fekk auga opp for verda og mangfaldet, at livet faktisk var mogeleg å endra og at framtida kunne påverkast.

 

Kva har så dette å gjere med tema for denne utgåva av Samfunnsviteren? Eller med pensjonsreformer og digitalisering? La meg prøve å forklare. Det er nemleg nokre mønster som er ganske like når samfunn endrar seg så dramatisk at ein omtalar det som revolusjonar.

 

På same vis som folk for over 100 år sidan opplevde at framtida var usikker, undrar vi i dag oss på kva tid vi går inn i og korleis livet vårt, inkludert arbeidslivet, vil påverkast.

 

Kjem vi til å ha jobbar nok til alle når robotar kan gjere jobbane våre? Korleis lede ei verksemd når ein ikkje veit kva framtida vil krevje? Kva type kompetanse er det smart å satse på når ein utdannar seg? Korleis organisere ein arbeidsplass effektivt? Kva digital kompetanse treng ein i kommunane våre og korleis skal man som politikar rigge for eit kompetansesamfunn ein ikkje heilt veit kor ser ut? Og kjem det til å være nok pengar til å dele ut pensjonar når vi stadig blir eldre?

 

I denne utgåva av Samfunnsvitaren prøver vi å svare på desse spørsmåla.

 

Utviklinga i dag går fort, så fort at vi nesten kan seie at framtida er no. Som Heidi Nordby Lunde seier i intervjuet i denne utgåva av Samfunnsviteren, det er mykje spennande å sjå fram til.