.

Redaktøren har ordet

Vi vil, vi vil, men får vi det til?

Var du klar over at sosiale medium er den næringa i verda som opplever hurtigast vekst? Og ikkje berre det; prognosar synar ein forventa årleg vekst på rundt 25 prosent dei neste fem åra.
  • Gunn Kvalsvik
  • Caroline Roka

Sosiale medium har, på grunn av storleik og form, endra måten vi kommuniserer på. Dei er til stade både i kvardagen vår og i jobbsamband. Frå ein sped fødsel rundt tusenårsskiftet, til ein eksplosjon då Facebook skaut fart i 2007 samstundes som smarttelefonen kom på marknaden. I dag er sosiale medium bokstavleg tala  «all over the place». Sosiale medieflater brukast i underhaldning, til marknadsføring av produkt eller tenester, i politisk propaganda, til å halde kontakt med vener, eller bygge kultur internt på arbeidsplassar.

 

Det unike med sosiale medium er at det er basert på dialog. Reint fysisk snakkar vi om nettsider og/eller apper, og formatet er rigga for interaksjon og deling. Fleire sosiale kjenneteikn ved sosiale medium er at plattformene oftast er eigd og styrast av store globale aktørar, brukast på tvers av landegrenser, samt vert finansierte gjennom algoritmestyrt reklame.

 

Facebook er det desidert største og utan tvil mest kraftfulle sosiale nettverket i verda. Vi snakkar 2,061 milliardar brukarar på verdsbasis, og 3,4 millionar av desse bur i Noreg.

 

Sett i lys av det enorme nedslagsfeltet, er det både logisk og naturleg at verksemder, både offentlege og private, nyttar sosiale medium for å nå ut og å kommunisere med sine brukarar eller si målgruppe.

 

Det høyrast enkelt ut, og mange av plattformene er enkle å ta i bruk. Men altså, «å nå ut» skjer ikkje av seg sjølv. Ein må finne rett plattform med omsyn til målgruppa, skape dialogar i samsvar med strategiplanar, og vere klar over konsekvensane. Som BI-forskar Cecilie Staude seier: – Det har ingen verdi å vere på Facebook eller andre sosiale medium utan ein klar strategi, og at det investerast ressursar i driftinga.

 

Det same gjeld etablering og drifting av interne sosiale nettverk. Forskar og sosialantropolog Lene Pettersen ved Høgskulen Kristiania meiner at altfor mange kastar seg på trenden utan å evaluere behov og mål.

 

I denne utgåva av Samfunnsviteren kan du også lese korleis verksemder som NAV, Bymiljøetaten og Løten kommune har nytta sosiale medier i si satsing. I tillegg kan du lese om tre samfunnsvitarar som fortel kor stor del av jobben deira som omhandlar sosiale medium.

 

Kantor Media si årlege medieundersøking viser at bruken av sosiale medium blant ungdom veks og at det ikkje er noko som tyder på at trenden vil snu. Det slår for så vidt i hel myten om at fleire og fleire koplar seg frå og går analogt. Alt, absolutt alt, tyder på at sosiale medium ikkje kjem til å døy ut med det fyrste.