.

Redaktøren har ordet

Hipp hurra for jubilanten!

2019 er året Samfunnsviterne fyller 25 år. Det vert eit år med fest, talar, og ei rekke større og mindre markeringar for jubilanten.
  • Gunn Kvalsvik
  • Caroline Roka

Denne utgåva av Samfunnsviteren stiller seg i gratulasjonskøen, og er dedisert til å hylle 25-åringen. Som «festtalarar» og bidragsytarar, har vi valt ut personer som kan seie noko interessant om foreininga vår, og ikkje minst om kva vår fagkompetanse betyr for samfunnet i dag og i framtida.

 

Vi har fått to ministrar, nemleg ministeren for høgare utdanning og arbeids- og sosialministeren, til å seie noko om Samfunnsviterne, fagrøyrsla og vår kompetanse. Og om korleis dei ser på framtidas bruk for folk med vår kompetansebakgrunn.

 

Også NHOs kompetansedirektør er med i rekka av gratulantar. I eit intervju poengterer han kvifor han vil ha meir samfunnsvitar- og humanistkompetanse inn i næringslivet. Han trur på styring, samarbeid og tilrettelegging for å få dette til.

 

Du kan også lese om OsloMet og Universitetet i Agder (UiA) som begge har gjort grep for å bygge bru mellom akademia og arbeidslivet. Dette blant anna ved å tilby kurs som Humanister i praksis og tech.phil. – Det handlar om å rigge seg for framtida, seier professor Habib ved OsloMet.

 

NIFU (Norsk institutt for forsking og utdanning) er forsiktige når dei vert bedne om å snakke om framtida til faga våre. Det er vanskelig å spå framtida, men det dei derimot kan seie noko om er dei sterke mønstera innanfor utdanningstrendar, og korleis våre fag plasserer seg innanfor desse.

 

Dei neste på «talelista» er tre som har fødselsdato i 1994 og er utdanna innanfor samfunnsvitskap eller humaniorafag. Som nyutdanna, eller framleis i utdanningslaupet, er framtidsblikket deira interessant.

 

Anne Folkvord vart med i Samfunnsviterne i oppstartåret, det gjer henne til eitt av dei eldste medlemmane. Ho har stått på sidelinja og sett foreininga vokse til. Nylig leia ho eit utval som har evaluert organiseringa og gjeve råd til korleis ein bør rigge seg for å møte framtida.

 

Til sist har vi snakka med to som ved sine yrkesval viser nye veger framover. I følge Wibecke Johansen er det å ha samfunnsvitskapelig bakgrunn ingen grunn til å ikkje klatre oppover i bilverden og verte bildirektør. Marianne Walderhaug var overtydd om at Nietzsche, Kierkegaard og den filosofiske samtala ville kome til nytte i kriminalomsorga. Ho gav ikkje opp, og er i dag Noregs fyrste og einaste fast tilsette fengselsfilosof.

 

Eg håper du let deg inspirere, og kjenner stoltheit på grunn av ditt medlemsskap. Det gjorde nemleg eg. God lesing.