.

Redaktøren har ordet

Omstilling – endring, kan det verte for mykje?

Etter å ha skrevet ein litt tørr og faglig korrekt leiar om omstilling, endring og demokrati, trykka eg på slett og starta på nytt. I staden for prøver eg meg på ein tekst som reflekterer korleis omgrepa har relevans for oss, men kanskje meir; korleis dei har endra valør gjennom tidene.
  • Gunn Kvalsvik
  • Caroline Roka

Her er 100 års historie til tre generasjonar Kvalsvik. Bestemor, far min og eg.

 

For bestemor mi, som var fødd i 1911, var det nesten umogleg å ta val som gjekk på tvers av tradisjonane. Ho hadde 11 sysken, gifta seg med ein sambygding, fekk born og deltok aktivt i alt som skjedde i den litle bygda. Mannen «drog» sjøen, og bestemor mi held huset plettfritt samstundes som ho sydde for naboar for å spe på inntekta. I tillegg var ho med i ei rekke  misjonsforeiningar, held seg oppdatert på det som skjedde i nærområdet og held storfamilien samla.

 

Far min var fyrste son til bestemor og vart fødd ein månad før andre verdskrig starta. Sjølv om han var flink på skulen var det aldri, seier han, noko alternativ å ikkje verte fiskar. Han fekk hyre på ein fiskebåt 14 år gamal og held seg ved sin lest fram til han vart pensjonist.

 

Sjølv om «tida» når det gjaldt yrkesval stod relativt stille for familien Kvalsvik i perioden 1911 og frem til eg vart fødd, skjedde det fleire viktige endringar. For eksempel var arbeidsrettane til far min mykje sterkare enn det bestefar min levde under. Han var fagorganisert og aktivt med i fiskarlaget. Han vart også etterkvart kommunepolitikar.

 

Den viktigaste demografiske endringa kom gjennom teknologien. Båtane gjekk stadig lenger ut og Skottland, Island og Færøyane var nærområde. I tillegg kom radio, seinare TV og telefon i husstandane, noko som gjorde at informasjonsflyten endra seg totalt. For bygda ble også infrastrukturen annleis etter at det vart bygd ei bru som gjorde det fysisk lettare å møte fleire enn dei få hundre som budde i Kvalsvika.

 

Til forskjell frå bestemora mi og far min, er min radius og mi «verd» større, og moglegheitsrommet har utvida seg. Medan bestemor mi vitja Bergen ein gong i livet, var eg langtreisande frå eg var 16 år. Eg hadde også, slik eg opplevde det, tusenvis av utdanningsval og seinare yrkesval.

 

Men alle desse vala og moglegheitene har ei bakside. Eg må ta stilling til strukturane rundt. Det handlar om omstillingar i arbeidslivet, å ta stilling til samanslåingar, ha relasjonar til naboar med andre verdiar og levesett. At eg føler eg må jobbe for å henge med. Det handlar om å halde seg oppdatert fagleg og å ikkje miste tråden. Eg kjenner også på at eg må ta stilling til alt frå endringar som skjer i verda, og til dei som direkte påverkar livet mitt og det samfunnet eg er ein del av.

 

Endringstakta, konteksten og vala vi vert stilte overfor har forandra seg. Eit interessant spørsmål er: Var det meir demokrati før? I følge professor Johan P. Olsen, som eg intervjua i denne temabolken, er det større grad av demokrati no. Likevel, meiner han, må vi være på vakt. Forsking og erfaringar viser nemlig at demokratiet utfordrast ved omstillingar. Særlig i desse tider då endringane vi vert eksponerte for skjer både vertikalt og horisontalt, opplever folk det som kaotisk. Dermed er det lettare å gå for løysningar, samt la leiarar/politikarar som ropar høgast og lover mykje vinne fram. Eller å la intern involvering på arbeidsplassen «tape» i konkurransen med effektiv og rask omstilling der endringane vert bestemt på toppen og resten av organisasjonen må innordne seg.