.

Redaktøren har ordet

Den kunstige intelligensen

I tre månader har eg skrive om kunstig intelligens eller artificial intelligence. Endelig trur eg at eg har ei forståing for kva det er og kva spor det har gjeve fram til no.
  • Gunn Kvalsvik
  • Caroline Roka

Det er snart 70 år sidan ein engelskmann ved namn Alan Turing laga ein test for å sjå om det er mogleg for ei maskin å imitere eit menneske. Fram til no har ingen lykkast i dette. I det siste, i samband med massedata-moglegheitene, har stadig fleire interessert seg for feltet. Du høyrer om det på arbeidsplassen, blant vener, i media og i andre samband.

 

Kunstig intelligens er eit område innan datavitskap som handlar om maskiners evne til å utføre intellektuelle oppgåver på linje med menneske. Konkret skjer dette gjennom avanserte algoritmar, som køyrast på stadig kraftigare maskiner.

 

Teknologar deler ofte kunstig intelligens inn i nivåer:

 

Det første nivået er Artificial Narrow Intelligence (ANI). All kunstig intelligens er, foreløpig, på dette nivået. Her blir teknologien skreddarsydd for å løyse ei spesifikk oppgåve Det omfattar alt frå bilete- og talegjenkjenning til sjølvkøyrande bilar og robotstøvsugarar. Mange system er samansett av fleire ANI med forskjellige evner, også kalla hybrid-AI.

 

Det neste nivået er teknologi som har intelligens på nivå med et menneske. Dette kallast Artificial General Intelligence (AGI). Ingen har lykkast med å demonstrere kunstig intelligens på dette nivået, men man prøver. I 2017 fantes det 45 aktive forskningsprosjekter som adresserer AGI.

 

Nivå tre er Artificial Super Intelligence (ASI) og referer til eit nivå som langt overgår dei skarpaste og flinkaste menneska verda har sett. Det har eit stort potensiale, men det har svært mange etiske problemstillingar knytt til seg. Dette nivået er berre eksisterande i fiksjonsfilmar og litteratur.

 

Sjølv om vi berre er på nivå 1 har det, som vi veit, vorte utvikla mange produkt og tenester gjennom kunstig intelligens.  Som for eksempel å identifisere bruksområder for eksisterande medisin, transkribere tekst, behandle forsikringssaker, sjølvkøyrande bilar, sortering av agurkar, avdekke sjukdom ved kornavlingar, overvaking av kyr i landbruket, kjøp og sal av aksjar, chatboter, komponere musikk og å skrive sportsartiklar.

 

Lista over nye bruksområder for kunstig intelligens aukar dag for dag. Ein anerkjent forskar, Katja Grace, hevdar at det er sannsynleg at kunstig intelligens i løpet av 45 år vil overgå menneske i alle typar oppgåver. I tillegg meiner ho at om 120 år – så vil alle menneskelige jobbar, slik dei er i dag, vere automatiserte.

 

Etter kvart som kunstig intelligens breier seg ut, har debattane og forskinga kring fenomenet flytta seg ut av teknologiforskarane sitt domenet. Dette angår nemleg oss alle. Det handlar om etikk, filosofi, lovverk, politikk, økonomi og arbeidsliv. Nokre av de som har tatt del i ordskiftet møter du i denne utgåven av Samfunnsviteren.

 

God lesing.