.

Redaktøren har ordet

Demokrati og klimamål

- Kanskje må vi la demokratiet falle dersom vi skal nå klimamålet vi forplikta oss til gjennom Paris-avtalen? Eg ser spørjande på han, medan eg tek ein slurk vin. Rundt meg er det stemmer og latter, festkledde folk som er på bursdagsfest.
  • Gunn Kvalsvik
  • Caroline Roka

Mannen som argumenterer for at demokratiet må vike for diktaturet er tidleg i 50-åra, akademikar med ei samfunnsvitskapleg grad og med ein solid arbeids-CV.

 

Eg ber han fortsetje, forklare meg korleis han tenkjer.

 

– Det er liksom heilt ulogisk at politikarar og andre reiser rundt i møter, på tvers av jordkloden, og signerer kontraktar dei ikkje er villige til å faktisk levere på. Vi vet alle at det går for seint og at vi må gjere meir enn å sortere søppel. Om det ikkje går fortare vil øydeleggingane verte enorme. Vi må rett og slett slutte å snakke og byrje å handle. Gje politikarane fullmakt til å gjere dei smertefulle tiltaka som må til og ikkje tvinge dei til å endre kurs fordi vi heller stemmer på eit parti som ikkje gjer det så ubehageleg for oss.

 

Eg kjenner ubehaget av det han seier. Det er liksom så alvorlig dette med klimaproblematikken. Likevel er samtalene vi har kring temaet variantar av; «ja, eg veit eg burde flyge mindre», «eg klarte ikkje å la være å kjøpe meg ein ny genser», eller «vi har tross alt bytta ut dieselbilen med ein el-bil». Så fortset vi gjerne å snakke om dårlige sjefar, kva vi skal finne på i jula og det nye kjøkkenet til naboen. På festen der klimasamtala mellom meg og mannen utspelte seg, skjedde nesten det same. Vi «snakka ned» temaet, og også engasjementet og energien i det. Så sa ein av oss at «eg må dessverre på det lille rommet» og så forsvann vi frå kvarandre.

 

Festen tok etterkvart av. Det vart taler, god mat og drikke, latter og dans. Glade folk i fint hus og med pent tøy, som hadde gjort det godt i liva sine – og ikkje minst hausta av økonomisk vekst og eit trygt velferdssamfunn. Meg sjølv inkludert.

 

Utpå kvelden møtte eg igjen denne mannen. Han var då sveitt og mindre fast i blikket. Kanskje hadde alkoholen marinert hjernen hans ein smule.

 

– Du – eg meinte det eg sa. Altså det om klima og diktatur, seiar han. – Sjekk Kina, ingen klarer omstilling betre enn dei. Og medisinen er rett og slett mykje makt til politikarane. Om du ser deg rundt, og på deg sjølv, veit du at vi ikkje klarer endre åtferd – det vert altfor ubehageleg. Vi samfunnsvitarar veit dette meir enn nokon andre, sant?

 

God lesing!