.

Redaktøren har ordet

Redaktøren har ordet

Då eg starta å systematisere innhaldet i eit temanummer som skulle omhandle fagrøyrsla tenkte eg automatisk at ein av vinklane måtte være sentrert kring den fransk-sveitsiske reformatoren Jean Calvin og kalvinismen.
  • Gunn Kvalsvik
  • Caroline Roka

Logikken min var som følger: Nordens arbeidsliv skil seg frå resten av Europa på grunn av streng og høg arbeidsmoral. Moral omhandlar også at vi alle er like for vår Gud – og den har sine røter til Jean Calvins tolking av protestantismen.

 

No, eit par månadar seinare, innser eg at bilete er meir komplekst enn å lene seg på stakkars Jean Calvin. Den nordiske modellen og vår sterke fagrøyrsle er fyrst og fremst eit politisk prosjekt. Vi er altså ikkje meir egalitære her i Norden en resten av verda. Verken i ideologi eller moral. Fagrøyrsla sin posisjon og styrke skriv seg attende til ein tradisjon som vaks seg stor og sterk gjennom fyrste halvdel av siste hundreår, og som var på toppen kring 1950-talet.

 

For å ta det viktigaste fyrst: Fagrøyrsla har hatt og har ein svært viktig posisjon i landet vårt. Ikkje berre på grunn av det vernet den gjev den enkelte arbeidstakar, samt lovene og rettane som røyrsla har kjempa fram gjennom historia. Den er også sentral i politikken. Trepartssamarbeidet handlar ikkje berre om å verte einige om løn, det er også ein arena der ein einast om mykje av det som skal skje framover. Konkurranseevna til landet vårt har ei styrke gjennom gode partssamarbeid både lokalt og nasjonalt, men også gjennom frontfagmodellen som framleis er sentral i lønsfastsettinga.

 

Det høyrast nesten ut som eit eventyr, og på mange vis er det nettopp det vi har hatt. Ja, nettopp – har hatt. Fortid. Stadig fleire vel nemlig å ikkje organisere seg, og utfordrar dermed modellen som sjølvsagt krev at partane har stor nok representasjon i ryggen i samarbeidet. I skrivande stund er vi under 50 prosent, nærare bestemt rundt 49. Framleis langt over det som er snittet i resten av Europa som ifølge siste måling viser at kring 16 prosent er fagorganiserte, men det er likevel ein trend vi ikkje kan tillate forsetja.

 

Vi har eit unikt samarbeid, ja for det er berre i dei andre nordiske landa vi finn liknande modellar. Det skapar stabilitet, vernar om våre rettar, fred og forsoning. Eit utsegn som mange kjenner er at i Noreg sloss arbeidarane og bedriftseigarane ein månad i året, resten av tida samarbeider ein godt. I resten av verda (minus dei andre nordiske landa) sloss dei gjennom heile året.

 

Elefanten i rommet er altså den langsame og nedgåande organisasjonsgrada. Fagrøyrsla jobbar iherdig for å rekruttere, men det er dessverre mindre trøkk frå arbeidsgjevarsida og politikarane. Vi får håpe og tru dei etter kvart vaknar opp, bretter opp ermene og bidreg med sitt.