.

Les også

Ein evig kamp

Sterke fagforeiningar er suksessfaktoren bak den nordiske modellen. Men fagforeiningsgraden går ned og det blir stadig større skilnadar mellom kven som organiserer seg.
  • Maria Lavik
  • Maria Lavik, Fafo, Benjamin A. Ward - OsloMet, Pixabay

I fleire byar i Noreg er dei blitt ein fast del av bybildet: Rosakledde syklistar med ein firkanta boks på ryggen eller på bagasjebrettet. Budsyklistane for selskapet Foodora bryt på mange måtar tyngdelovene i norsk arbeidsliv. Dei har ein jobb i privat sektor som ikkje krev høgare utdanning, og dei fleste jobbar dessutan deltid. Alt dette borgar vanlegvis for ein låg organisasjonsgrad. Men Foodora-klubben organiserer rundt 200 av 350 tilsette og har tariffavtale.

 

– Me er unike. Det er ingen i heile verda i same bransje som har ein så god avtale som oss, seier Paul Olai-Olssen, nestleiar i Foodora-klubben.

Han og klubbleiar Espen Landgraff har blitt invitert til EU-konferansar, fagforeiningstoppmøte og europeiske universitet for å fortelja korleis dei har lukkast og om verdien av eit organisert arbeidsliv.

 

På grunn av koronautbrotet har dei to no måtte avlysa turar til Reykjavik og New York der dei skulle dela suksessoppskrifta med andre fagforeiningar. Olai-Olssen gjev Samfunnsviteren eit kort samandrag:

– Det starta med eit godt sosialt samhald på jobben. Fleire var med i ein sykkelklubb der me møttest på fritida og sykla på turar saman.

 

Samhaldet la eit godt grunnlag for organisasjonsbygging. Då Paul Olai-Olssen og nokre andre kollegaer fann ut at dei ville jobba for å få tariffavtale, melde dei seg inn i Oslo Transportarbeidarforeining.

– Foreininga var veldig flinke til å hjelpa oss i oppstarten, dei lytta og sende oss tillitsvalde på kurs. Det var ei bratt læringskurve.

 

Polarisering blant organiserte

Suksesshistoria til Foodora-klubben er på ingen måte representativ. Kristine Nergaard har følgt norsk arbeidsliv tett sidan midten av 1980-talet. Fafo-forskaren skildrar ei større polarisering i kven som organiserer seg.

– Organisasjonsgraden går ned i privat sektor, og innan delar av privat tenesteproduksjon er organsgraden låg. Det er urovekkande. Samtidig har me ein vedvarande høg grad organiserte i offentleg sektor, der nesten alle tilsette endar opp med å bli med i ei fagforeining.

 

I det offentlege er organisasjonsgraden på 80 prosent, medan den er nede på 38 prosent i privat sektor. Nedgangen i privat sektor er sentral i å forklara kvifor organisasjonsgraden i Noreg har gått ned frå 57 prosent i 1992 til 49 prosent i 2018.

 

Det er også stor variasjon i privat sektor. Graden av organiserte ligg på botn innan detaljhandel og overnatting- og serveringsbransjen, med 24 og 21 prosent organiserte. På andre enden av skalaen finn du industriarbeidarar, der er rundt 55 prosent er organiserte. Organisasjonsgraden er høgare blant folk med høgare utdanning, og blant tilsette i store selskap.

 

Og folk er sosiale dyr som blir påverka av kvarandre. Nergaard skildrar ein prosess der fagorganisering har ein ”smitteeffekt” på arbeidsplassen:

– Folk som får jobb på ein arbeidsplass i privat sektor der det alt er ein tariffavtale på plass, har ganske høg sjans for å bli organiserte sjølv.

 

Kan snu trenden

Fagorganisering er fundamentet for den nordiske modellen, med eit arbeidsliv prega av lite konflikt og høg grad av tillit og samarbeid. Kan nedgangen i fagorganisering snuast? Det spørsmålet undersøkte Kristine Nergaard nærmare i 2017  då ho var med på å laga rapporten ”Organisering av uorganiserte”. Den viser eit stort potensiale, for heile fire av ti av dei uorganiserte er interessert i å organisera seg.

Les rapporten HER.

 

Rapporten skildrar ulike strategiar. Den eine er å plukka lågthengande frukter, ved å satsa på arbeidstakarar i private bedrifter der tariffavtale og lokale fagforeiningar alt er på plass. Om ein klarer å auka organisasjonsgraden med ti prosent blant tilsette i slike bedrifter, vil det gje om lag 35.000 fleire organiserte. Det vil auka den norske organisasjonsgraden med 1-2 prosentpoeng.

 

Ei gruppe som er stor, men vanskeleg å nå for fagrørsla, er uorganiserte i små bedrifter som manglar kollektive partsforhold, som ein lokal klubb og tariffavtale. Om lag ein tredel av dei uorganiserte er i denne kategorien, og dei jobbar ofte innan privat service og bygg.

– Me må kanskje litt tilbake til gamaldags organisasjonsarbeid. Fagforeiningane må reisa ut og organisera på arbeidsplassane, seier Nergaard.

Fafo-forskar Kristine Nergaard har følgt norsk arbeidsliv tett sidan midten av 1980-talet. Foto: Fafo.

 

Men det er ikkje umogeleg. Ta industriarbeidaren som eksempel. I dag tener han (det er som regel ein mann) godt, har regulerte arbeidsforhold og er ofte fagorganisert. Slik var det ikkje for 100 år sidan.

– Organiseringa av industriarbeidarane kom ikkje av seg sjølv. Dei som bygde vegar og jernbane var spreidd utover heile landet. Det var mange ufaglærte, mange utlendingar, som dei svenske rallarane, dei var ofte på gjennomreise, seier Nergaard.

 

– Er servicearbeidaren i privat sektor den nye industriarbeidaren?

– Ein skulle kanskje tru det. Det er servicebransjen som i dag er prega av usikre jobbar der ein i verste fall kan måtta gå på dagen. Dei har dei lågaste løningane og ofte dei vanskelegaste arbeidsgjevarane.

 

Men dagens servicearbeidarar manglar ein viktig ting industriarbeidarane hadde: Ein sterk identitet og kjensla av å vera del av eit større kollektiv.

– Den kulturen er nok vanskelegare å bygga i dag sidan samfunnet er annleis. Industriarbeidarane var avhengige av kvarandre. I den private servicesektoren er det mange unge som er på veg vidare, dei er kanskje ikkje så interessert i å investera i arbeidsplassen sin.

 

Samstundes peiker ho på at lokale eldsjeler ofte speler ei viktig rolle i å få organiserte forhold på arbeidsplassen. Og ein kan skapa nye samhald, som den sosiale sykkelklubben som la grunnlaget for ei ny fagforeining for Foodora-tilsette.

 

Organiserte, men utan makt?

Eit av dei viktigaste argumenta for eit organisert arbeidsliv, er at det aukar graden av tillit og samarbeid mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar. Arbeidarane – dei som ofte veit kor skoen trykker – blir tekne med på råd og kan påverka sin eigen arbeidskvardag. Det legg grunnlag for betre avgjersler og auka produktivitet.

 

Men dette idealbildet kolliderer i møtet med verkelegheita. Delen norske arbeidstakarar som opplever mykje innflytelse på eigen arbeidssituasjon har gått ned frå 55 prosent i 2009 til 40 prosent i 2018.

Delen norske arbeidstakarar som opplever mykje innflytelse på eigen arbeidssituasjon har gått ned frå 55 prosent i 2009 til 40 prosent i 2018. Og arbeidarane som opplever å ha minst makt, er tilsette i helse, undervisning og omsorg.

Og dei arbeidarane som opplever å ha minst makt, er tilsette i helse, undervisning og omsorg. Altså arbeidsplassar med høg grad av organisering.

– Eg vart overraska første gong eg såg desse tala. Det er eit paradoks at organisasjonsgraden er høg samstundes som dei tilsette har lite medbestemming på desse arbeidsplassane, fortel Eivind Falkum, forskar ved Arbeidsforskningsinstituttet.

 

Tala som overraska Falkum, dukka opp under arbeidet med rapporten Medbestemmelsesbarometeret. Den viser at berre 37 prosent av tilsette innan helsetenester opplever mykje påverknad på arbeidsorganiseringa. Talet er endå lågare for tilsette i barnehage og skule: 31 prosent. For tilsette i pleie- og omsorgstenester når talet botnen: 25 prosent. Til samanlikning opplever 72 prosent av folk som jobbar med forsking og analyse, å ha stor påverknad over organiseringa av arbeidet. Det vil seia at dei kan påverka eigen arbeidstid, kven dei jobbar med, arbeidstempo og bruken av ressursar.

Les rapporten HER.

 

– Dette har me sett sidan me starta med barometeret i 2016. Tala for dei tilsette i helse- og utdanningssektoren har vore jamt låge, og ligg om lag på same nivå i den nye rapporten me legg fram i mai, seier Falkum.

 

Han seier at den låge graden av medbestemming dels kan forklarast med at mange av desse jobbane er standardiserte. Det kan vera bra, det kan til dømes sikra at folk som blir lagt inn på ulike sjukehus får same type behandling. Men utviklinga går i feil retning, meiner Falkum.

– Me har eit todelt arbeidsliv i Noreg der halvparten praktiserer stor grad av medbestemming og medverknad, medan den andre halvparten beveger seg mot målstyring.

 

Nye leiingsteoriar har skulda for utviklinga, meiner Falkum. På 1980-talet kom trenden med New Public Management, med meir vekt på styring og hierarki, og mindre vekt på samarbeid og drøftingar mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar.

– Leiinga er blitt meir paternalistisk og prega av ein autoritær ovanfrå-og-ned- haldning.

 

I Medbestemmelsesbarometeret skildrar Falkum korleis meir vekt på standardar og kontrollmekanismar i praksis utvidar styringsretten til arbeidsgjevar. Han ber fagforeiningane ta utviklinga på alvor.

– Målstyring kan truga den nordiske modellen, som er under stort press. Det er overraskande kor lite fagrørsla diskuterer desse funna. Fagrørsla bør ha fleire og betre skulerte tillitsvalde, og krevja meir informasjon frå arbeidsgjevar.

 

Styrka i krisetid

Men for nokon nyttar kampen for organisering. Samfunnsviteren møter Paul Olai-Olssen, nestleiar i Foodora-klubben, rett før han skal ta til med helgeskiftet. Han fortel at tariffavtalen dei fekk i hamn etter ein streik i fjor, har sikra syklistane både betre løn og kompensasjon for utstyr dei bruker, men også meir påverknad over bedrifta.

– Denne veka sat me i eit tre timar langt møte med leiinga på Skype. Me får informasjon og innflytelse som me ikkje var i nærleiken av å ha før. Leiinga opplever på si side kor godt det er å ha tillitsvalde. Gjennom oss får dei råd og innspel og kontakt med dei tilsette. Tilliten mellom alle ledd i selskapet aukar.

 

Olai-Olssen har sykla ut mat til mange koronafaste Osloborgarar den siste tida. Han meiner krisa  får fram kor viktig det er med fagorganisering.

– NHO og Virke samarbeider med LO i denne situasjonen, og me ser at landet vårt fungerer betre på grunn av organiseringa. Krisa viser at Noreg treng eit organisert arbeidsliv.