.

Ung

Når er me nok utdanna?

Over ein av tre unge tek høgare utdanning. Samstundes skrik helsevesen og næringsliv etter faglærte arbeidarar.
  • Maria Lavik
  • Kristoffer Rye, CF Wesenberg/kolonihaven.no.

Kristoffer Rye hadde alltid likt praktisk arbeid. Han likte å sjå ting bli skapt av ingenting. Tre av søskenbarna hans jobba som elektrikar. Dei såg han opp til. Men likevel var ikkje valet så enkelt då han for ti år sidan skulle velja vegen inn i vaksenlivet via vidaregåande.

 

– Det inntrykket eg fekk, var at dei flinke og motiverte skulle gå på studiespesialiserande. De var dei som ville noko i livet. Yrkesfag vart sett på som ei reserveløysing. Om du ikkje gidd, om du ikkje har ambisjonar – då blir du skuffa over i yrkesfag.

 

Klassekameratar fortalte at dei hadde fått høyre frå studierådgjevar at yrkesfag passar dei som har dårlegare karaktersnitt. Kristoffer Rye hadde rundt fire i snitt og kunne ha kome inn på studiespesialisering. Likevel valde han yrkesfag og elektrolinja.

 

– Skulen var mykje betre enn dei forventningane eg hadde fått av folk rundt meg. Klassemiljøet var veldig bra og lærarane var flinke.

 

I ettertid har han tenkt mykje på kvifor yrkesfag hadde den dårlege statusen i oppveksten. I fjor skreiv han ein kronikk i Bergens Tidende om at yrkesfag er blitt ”den dumme utdanninga”.

 

Les kronikken her (bak betalingsmur).

 

– Eg tenker at me treng både teori og praktisk kunnskap i samfunnet. Så lenge ein har bachelor- eller mastergrad så er det liksom ikkje så viktig kva jobb ein gjer. Mange kunne kanskje vore meir nøgd i jobbar med mindre formelle krav, seier Kristoffer Rye.

Kristoffer Rye opplever at mange har fordommar mot yrkesfag. Han vil visa at ungdom som tek yrkesfag, har mange mogelegheiter. No går han på fagskule og les til eksamen frå heimekontor.

Foto: Kristoffer Rye

Manglar fagarbeidarar

I fjor var det 296.182 studentar i høgare utdanning. Studentane utgjorde over ein tredel av alle 19-24-åringar og talet på studentar har auka med nærare 50 prosent sidan 2001.

 

Treng me alle desse studentane? Det spør Mats Kirkebirkeland seg, han er stortingsvara for Høgre og rådgjevar i tankesmia Civita. Han peikar på at produktivitetsveksten dabbar av samstundes som utdanningsnivået har gått opp.

 

– Me nærmar oss grensa for kor mange som bør ha høgare utdanning i Noreg. Me har ein kultur der høgare utdanning blir satt høgare enn fagutdanning. Samstundes har me stor mangel på fagarbeidarar.

 

For næringsliv og helsevesen skrik etter folk med utdanning på vidaregåande-nivå. Ei viktig gruppe i møte med eldrebølgja er helsefagarbeidarar, som inkluderer dei som før vart kalla hjelpepleiar og omsorgsarbeidar. Statistisk sentralbyrå anslår at me kjem til å mangla 18.000 helsefagarbeidarar i 2035. Denne gruppa er dominert av godt vaksne kvinner som er venta å gå av med pensjon i løpet av dei neste 20 åra.

 

Les SSB-rapporten frå 2019 her.

 

Også i det private næringslivet er det stor etterspørsel etter folk med yrkesfag. NHO har undersøkt kompetansebehova hjå sine medlemsbedrifter og heile 60 prosent av bedriftene seier dei har behov for kompetanse frå yrkesfaglege program på vidaregåande nivå.

 

Les NHOs kompetansebarometer for 2019.

 

Grafisk fremstilling av studenter og høyere utdanning

 

Regjeringa har satt ned eit Kompetansebehovsutvalg som seier mykje av det same. Blant yrka på vidaregåande nivå er det størst mangel på helsefagarbeidarar og tømrar/snekkar. Begge gruppene slit med å rekruttera elevar, mange av elevane fell frå under utdanningsløpet, og mange opplever vanskar med å få læreplass.

 

Les utgreiinga frå Kompetansebehovutvalget her.

 

Kristoffer Rye var ein av dei heldige som fekk lærlingplass då han gjekk på yrkesfag på Nordfjordeid. Av 15 i klassen fekk berre eit par stykk læreplass lokalt.

 

– Nokre i klassen budde på hybel og kunne reisa heim og få læreplass. Andre vart tvungne til å flytta til ein ny plass for å få læreplass. Ein er avhengig av å få læreplass for å bli ferdig med utdanninga.

 

Fryktar inflasjon

Mats Kirkebirkeland fryktar at det går inflasjon i høgare utdanning. Han peikar på at ein universitetsgrad ikkje berre viser formell kompetanse, men også fungerer som eit signal til ein framtidig arbeidsgjevar. Ein grad kan signalisera at personen er smart og arbeider hardt og sjølvstendig. Problemet oppstår om alle tenker slik.

 

– Undersøkingar viser at mange har tilsett folk med mastergrad til jobbar som ikkje treng det. Sånn blir det fort om arbeidsgjevar kan plukka blant søkarar med master. Men det er dumt for samfunnet om me utdannar mange til mastergradar som ikkje trengst. Og det kan vere dumt for den enkelte å ha ein grad dei ikkje får brukt i arbeidslivet.

 

Akademiseringa av Noreg set også sine spor i fagrørsla. LO har tradisjonelt stått sterkt blant organiserte utan høgare utdanning. På 1970-talet var to tredeler av alle fagorganiserte med i eit LO-forbund. No har talet stupt til under halvparten. Samstundes veks hovudsamanslutningane Akademikerne og Unio,  som organiserer grupper med høgare utdanning. Dei har i dag knappe 600.000 medlemmer til saman.


– Kan det vera eit problem at fagforeiningane i større grad representerer dei med lang utdanning?

 

– Ja, definitivt. Arbeidarar med ulikt utdanningsnivå har ulike interesser, seier Kirkebirkeland og trekk fram frontfagmodellen som døme. Den baserer seg på at eksportindustrien står først i køen for å forhandla løn. Lønsveksten blir dermed tilpassa kva konkurranseutsett sektor toler.

 

– Fagforeiningane har historisk sett vore oppteken av å verna industriarbeidarane. No veks fagforeiningane for dei med høgare utdanning, mange av dei jobbar i offentleg sektor og har andre interesser. Over tid kan det skapa ei konflikt. Det same kan me sjå i diskusjonen om pensjon. Det er lettare for akademikarar å jobba lenger, seier Kirkebirkeland.

Trenden snur

I dag er det 10 år sidan Kristoffer Rye tok valet om å gå på elektrolinja på Nordfjordeid. Han opplever at yrkesfag har fått betre rykte sidan den gong.

 

– Eg har inntrykk av at det er større politisk merksemd rundt yrkesfag. Eg trur kanskje ting begynner å snu og at folk ser nytten av yrkesfag.

 

Tala viser det same. I år har yrkesfag gått forbi studieførebuande blant søkarar til VG1. Dette er første gong yrkesfag er størst sidan retninga medier og kommunikasjon vart flytta frå yrkesfag til studieførebuande i 2016.

 

Sjå statistikken frå Utdanningsdirektoratet her.

 

Etter å ha jobba nokre år som elektrikar, fant Kristoffer Rye ut at han gjerne vil ha meir ansvar og meir utdanning. No går han på Fagskulen i Hordaland, der han studerer elkraft. Fagskuleutdanning er ei offentleg godkjend yrkesretta utdanning på nivået over vidaregåande. Målet hans er å bli elektroingeniør.

 

– Eg er opptatt av å visa at ungdom som tek yrkesfag har mange mogelegheiter. Vegen er open til høgare utdanning om du etter ei stund finn ut at du vil ha det.

 

Han håpar fleire får auga opp for yrkesfag.

 

– Koronakrisa viser kanskje at me ikkje alltid kan dra nytte av arbeidsinnvandring. Verda er globalisert, men alt kan stoppa opp i periodar. Då kan det vera viktig å vera sjølvforsynt med arbeidskraft.