.

Aktuelt

Ei todelt historie

Koronakrisa vart ikkje ei krise for alle. Medan folk i trygge jobbar nyt godt av låge renter, risikerer nokre grupper å hamna i permanent utanforskap.
  • Maria Lavik
  • Jan Richard Kjelstrup/ASD

Over eit halvt år er gått sidan Erna Solberg entra talarstolen på Statsministerens kontor med orda ”Kjære alle saman. Me står i ei vanskeleg tid. For Noreg og for verda”. Torsdag 12. mars annonserte statsministeren dei sterkaste og mest inngripande tiltaka me har hatt i Noreg i fredstid.

 

Nedstenginga av Noreg stagga spreiinga av koronaviruset. Men den fekk også store konsekvensar for folk sine arbeidsplassar. Arbeidsløysa bikka 10 prosent – den høgaste arbeidsløysa i Noreg sidan andre verdskrig. Økonomar og fagforeiningar åtvara mot at folk kunne enda i ein permanent utanforskap.

 

Kva er status i dag, seks månadar seinare? Kor ille har det eigentleg gått?

 

Hjula er i gang igjen

Simen Markussen, økonom og seniorforskar ved Frischsenteret, seier han så langt er positivt overraska over korleis det har gått.

 

– I mars såg eg for meg at det ville bli ei flodbølgje av koronasmitte til sommaren. Eg såg ikkje for meg at me skulle klara å stenga ned så mykje i samfunnet, og at det skulle gå såpass bra. No er stort sett hjula i gang igjen, sjølv om noko framleis står att.

 

Det siste halve året har Nav publisert tal for arbeidsledige kvar veke. Under toppen i veke 15, i midten av april, var rundt 420.000 nordmenn registrert som heilt eller delvis arbeidsledige. Det utgjorde 15,4 prosent av arbeidsstyrken. 10,4 prosent var registrert som heilt ledige.

 

Sidan den tid har pilane peika rett veg. Tala på arbeidsledige er over halvert det siste halve året. Ifølgje tala for 22. september er det no rundt 200.000 arbeidssøkarar til saman, noko som utgjer 7,1 prosent av arbeidsstyrken. 4,2 prosent var registrert som heilt ledige.

 

Ein fersk rapport frå Statistisk sentralbyrå viser at halvparten av fallet i norsk økonomi er blitt henta inn igjen.

Les SSB-rapporten her.

Det er mange forskjellige skjebnar blant dei permitterte. Nokre tek utdanning og søker nye jobbar, andre stenger seg inne og får angst

Rozina Nazar, Handel og Kontor tillitsvald
Rozina Nazar har jobba mykje for å nå ut til dei permitterte tilsette på Gardermoen. Ho er tillitsvald for Handel og Kontor, på Travel Retail Norway.

Samstundes som arbeidsløysa går ned og økomien hentar seg inn, har bustadprisane gått opp. Oslo er byen med sterkast prisvekst. Dei sesongkorrigerte prisane auka med 1,2 prosent i august. Bransjeforeininga Eiendom Norge held fast på dei same prognosane om prisvekst som dei hadde før korona. Dei forventar ein nasjonal prisvekst på tre prosent.

Les prognosen frå Eiendom Norge her.

 

Simen Markussen ved Frischsenteret seier mange har kome godt ut av dei siste seks månadane.

– Mange av dei som ikkje har mista jobben og som har eigen bustad, har kanskje opplevd å ha betre råd enn nokosinne. Dei nyt godt av låge renter og har gjerne fått lågare kostnader på grunn av heimekontor og nedstengningar. Så bur dei kanskje i eit hus som er meir verdt.

 

Kan få rekordhøg ulikskap

Samstundes viser tala frå Nav at arbeidsløysa rammar folk ulikt. Unge menn er hardast ramma, blant menn mellom 20 og 24 år er 6,5 prosent heilt ledige. Blant menn mellom 50 og 59 år er talet nede i 3,1 prosent.

 

Det er også store skilje i kva type jobbar folk har. Innan reiseliv og transport er 8,4 prosent av arbeidsstyrken heilt arbeidsledig. Yrke innan akademia, undervisning og helse, pleie omsorg ligg på andre enden av skalaen, her er 1,4 prosent heilt ledige.

 

Heilt ledige omfattar alle som søker inntektsgjevande arbeid ved Nav og som har vore utan inntektsgjevande arbeid dei siste to vekene.

– Det var ein del som før koronautbrotet sleit med å koma seg inn i arbeidslivet, særskilt blant unge folk med manglande utdanning. Dei får det tøffare no, seier Simen Markussen ved Frischsenteret.

 

– Kan me forventa meir ulikheit på grunn av korona?

– Me skal ikkje sjå vekk frå at 2020 er året der nivået på ulikskap kjem til å vera høgare enn på lenge, i alle fall om me ser vekk frå dei aller rikaste, seier Markussen.

Han presiserer at også dei på toppen har tapa mykje pengar gjennom konkursar og økonomisk nedgang.

– Det største skiljet etter koronakrisa kan bli mellom middelklassen og dei på botnen som slit med å koma i jobb igjen også etter krisa er over.

Koronakrisa kan gje historisk høgt nivå på ulikskapen mellom middelklassen og dei på botnen, trur Simen Markussen, økonom og seniorforskar ved Frischsenteret. Jan Richard Kjelstrup/ASD

«Eg har vondt av å tenke på kollegaane mine»

Iasha Ahmed hugsar godt talen til Erna Solberg 12. mars, då statsministeren stengde ned Noreg. Ahmed var på jobb i tax free-butikken til Travel Retail Norge (TRN) på Gardermoen.

 

– Folk som hadde handla, kom tilbake til butikken og leverte tilbake varene. Dei skulle jo ikkje reisa likevel, seier Ahmed.

 

Sidan då har Ahmed og 1000 av kollegaane hennar i TRN vore permitterte.

 

– Det var tunge dagar og det kjennest framleis uverkeleg. For meg har det vore viktig å sosialisera meg og ikkje berre sitta åleine.

 

Men Ahmed er blant dei heldige, ho har brukt våren på å fullføra ein master i økonomi. For henne var jobben ved TRN ein nyttig deltidsjobb på 22 prosent. For mange av kollegaane er jobben mykje viktigare.

 

– Eg har vondt av å tenke på kollegaane mine. Det er litt urettferdig, for eg har kunne fullført utdanninga mi medan mange av kollegaane mine ikkje har mykje utdanning. Eg trur det er vanskelegare for mange av dei å koma tilbake til arbeidslivet. Mange har kort utdanning og kjem frå andre delar av verda.

 

Ho rosar leiinga og fagforeiningane for å hjelpa dei permitterte i ein vanskeleg situasjon.

 

Vaflar for permitterte

– Det er ei tung byrde å måtte permittera 1000 tilsette, seier tillitsvald for Handel og Kontor, på Travel Retail Norway på Gardermoen, Rozina Nazar.

 

Ho seier fagforeininga Handel og Kontor og leiinga har jobba mykje med å nå ut til dei permitterte. Ein gong i veka inviterer fagforeininga til treff for alle tilsette på Jessheim. Der lagar dei vaflar og går tur. Fagforeininga har ringt til alle tilsette for å høyra korleis det går.

 

– Det er mange forskjellige skjebnar blant dei permitterte. Nokre tek utdanning og søker nye jobbar, andre stenger seg inne og får angst. Mange av dei tilsette er svenskar som sit her åleine medan familie og vener er i Sverige. Dei har sitt sosiale liv gjennom jobben.

 

Ho er glad for å sjå at trepartssamarbeidet fungerer godt i ein krisesituasjon.

 

– Direktøren i TRN, Tore Hov, ser menneska som blir råka og har gjort alt for å hjelpa folk. Selskapet har hjelpt tilsette som venter på dagpengar frå Nav med økonomisk støtte. Permitterte tilsette får tilbod om norskkurs og et fagbrev.

 

Likevel ser ho mørkt på framtida.

 

– Mange av dei tilsette bur her i nærleiken, og det er ikkje lett for dei å finna nye jobbar i same område. Men sånn det ser ut no, så trur ikkje eg ting blir normalt operativt før 2024, seier tillitsvald for Handel og Kontor, på Travel Retail Norway på Gardermoen, Rozina Nazar.

 

På grunn av koronakrisa har regjeringa forlengt perioden folk kan bli permitterte til 52 veker. Det trur ikkje Nazar er nok.

 

– Eg ser ikkje for meg at alle permitterte kan bli tekne tilbake i mars til neste år, seier ho og legg til:

 

– Eg vil likevel vera optimist og håpar at med tida så vil kollegaer koma tilbake på jobb. Flytrafikken vil ta seg opp igjen når det kjem ein vaksine. Me får håpa at det ikkje er så lenge til som 2024.

 

Kan bli sjuke av å gå utan jobb

Simen Markussen er også optimist på vegne av dei tilsette på Gardermoen.

 

– Eg ser ingen grunn til å tru at me kjem til å reisa mindre til Spania når koronaepidemien er under kontroll. Eg trur dei fleste jobbane kjem tilbake innan reiseliv, men det blir kanskje litt andre jobbar. No har me funne ut at videokonferansar fungerer bra, eg trur at møte og forretningsreiser går ned.

 

Han er likevel uroa for dei langsiktige konsekvensane for dei som no hamnar utanfor arbeidslivet.

 

– Det finst studie som viser ei kraftig auke i tal på uføre når bedrifter går konkurs. Det kan me sjå no framover. For folk kan bli sjuke av å mista jobben. Det skjer ikkje med ein gong, men eg er uroa over dei som går ledige no når økonomien tek seg opp igjen.

 

–  Kva kan me gjera for dei som framleis går ledige om eit halvt år?

 

– Me kan gjera det lettare å kombinera utdanning med ledighet, og der er det alt gjort ein del politiske endringar. Dessutan må det vera enklare å kombinera trygd med arbeid, for å få inn folk med nedsett arbeidsevne.

 

Simen Markussen har tidlegare teke til orde for ei ordning med opplæringsstillinger.

 

– Det er ei pakke der ein kan tilsetta folk som manglar kompetanse for lågare løn. Til gjengjeld må bedrifta laga ein opplæringsplan og garantera ein fast jobb på sikt. Det liknar ordninga Nav alt har for lønstilskot, men denne ordninga blir brukt for lite.