.

Aktuelt

Koronaeffekten

Covid-19-pandemien har snudd opp-ned på arbeidslivet vårt. Men nokre smittetiltak vil nok bli med oss vidare, og heimekontoret har fått ein permanent status, meiner forskarane.
  • Maria Pile Svåsand
  • Trine Traaholt/Mellomrom arkitekturpsykologi, Privat, Pexel

Sidan mars har møteromma og kontorlandskapa våre vore skifta ut med Zoom og Teams, namn som blei allemannseige i løpet av dagar, og veldig mange har hatt heimekontor på fulltid. Koronaepidemien sette grenser for det me kanskje i aller størst grad tok for gitt, nemlig sosial kontakt, og endra med det nesten alle former for arbeidsliv me har.

Medan heimekontoret har gått gjennom den store testen og mest sannsynleg bestått, er rekka med endringar i arbeidskvardagen vår lang. Sjølv om det kjennes fjernt, var faktisk ikkje handsprit-dispenserar i alle rom, nikk-i-staden-for-handtrykk, viktige møter via video og å velje stolen lengst unna kvardags før 12. mars.

 

Varig fleksibilitet

Men det kan jo hende nokre av dei nye løysingane har noko for seg også når smittefaren ein gong forsvinn. Heimekontor innimellom er det mange som har ynskt seg, og no har ein hatt moglegheita til å bevise at ein ikkje berre ligg på sofaen. Eller er det akkurat det ein gjer?

Etter ei så radikal omlegging av måtane og stadane me jobbar på, er det vanskeleg å sjå føre seg at alt vil gå tilbake til slik det var før.

 

– Eg håpar me at me kan legge til rette for at menneske er forskjellige, og at både arbeidsgjevarar og arbeidstakarar er meir fleksible, seier overlege i Arbeidstilsynet, Tor Erik Danielsen. Han understrekar at det seier han som arbeidsmedisinar.

Danielsen jobbar med å planlegge arbeidsframtida vår, og for tida er fokus mest på korleis ein skal takle det som skjer akkurat no. Neste fase blir å sjå an effektane på sikt, men han reknar med at det heilt sikkert vil bli ein diskusjon rundt kva pandemierfaringar ein skal ta med seg vidare og ikkje.

 

Smittefare i fokus

Det som er tydeleg, er at utforminga av arbeidsplassen vår er avgjerande for korleis ein kan takle smittefare. Det har i fleire år vore ein pågåande debatt om fordelane og ulempene med opne kontorlandskap, no kan nærheit mellom arbeidsplassar væra ei mogleg helsefare.

– Lenge måtte me uansett vere heime, men det er jo lettare å legge til rette for sosial distansering på cellekontor. Likevel har ein trappeløp, heisar, felleskontor og møterom som uansett kan være utfordrande, så det er vanskeleg å vere bastant her, seier Danielsen.

 

Når så mange no har hatt heimekontor, er det også mange synspunkt på akkurat det som har kome fram. Introverte har hylla det i nyheitssaker, kommentarar og på sosiale medium, og fortel om betre produktivitet og fokus. Andre meiner mangelen på sosialisering er eit stort tap, og andre igjen meiner me slett ikkje er produktive i det heile på heimekontoret. Og det er akkurat dette Danielsen håpar me vil lære av.

– Folk har forskjellige behov, når alle no blei kasta ut i ein ny jobbkvardag, skjønar ein kanskje også at forskjellige metodar verkar forskjellig for folk, seier Danielsen.

– Mange likar heimekontor. Men kva er premissa deira? At dei er mindre forstyrra? At dei slepp reise? Det er viktig å finne ut av, for å kunne utvikle best moglege praksisar vidare.

Tor Erik Danielsen, overlege i Arbeidstilsynet
Tor Erik Danielsen er overlege i Arbeidstilsynet. Han håper at det legges opp til fleksibilitet i arbeidslivet framover. Foto: Privat

 

Treng ikkje komme tilbake

Fleire firma har allereie endra kontorpolitikken sin med varig verknad. I ei undersøking E24 gjorde i sommar, ville åtte av dei største konserna i landet fortsette å bruke heimekontor. Equinor melder dei vil reise mindre også framover og ei rekke firma fortel at den omlegginga som kravdest i vår vil endre korleis dei jobbar også framover.

Allereie i juni meldte konsernsjef i Telenor Sigve Brekke at dei om lag 20 000 tilsette i selskapet ikkje treng komme på kontoret meir om dei ikkje vil. Seinare har selskapet meldt at dei no har faste kontordagar og om lag to dagar i veka heime og tre dagar på kontoret. Konsentrasjon heime, samarbeid, workshop og kreativitet på kontoret, melde HR-sjefen i eit intervju med NRK. Dei tekniske og praktiske tinga rundt arbeidsmiljøet på heimekontora er dei i ferd med å løyse.

 

For Danielsen er det viktig å gå nærare inn i kva det er som betyr mest for folk.

– Mange likar heimekontor. Men kva er premissa deira? At dei er mindre forstyrra? At dei slepp reise? Det er viktig å finne ut av, for å kunne utvikle best moglege praksisar vidare, seier Danielsen.

 

 Mister det sosiale

Medan heimekontoret kanskje var den største endringa for dei fleste, har ein dei ulike utfordringane ymse digitale hjelpemiddel og møteplattformer gjev oss. Frå rotete heim og ungar som trenger seg på i videokonferansar, til tekniske problem som gjer at ein ikkje får hatt møte i det heile. Det har vore påpeika at pandemien har gitt oss eit sprang i digitaliseringa av arbeidskvardagen, men stemmer eigentleg det?

 

– Veldig mange med den typen jobb ein kan gjere heime, brukte jo allereie den typen teknologi som krevst, så me spør oss litt kor stor digitaliseringseffekt pandemien eigentleg har, seier forskar Mari Holm Ingelsrud frå Arbeidsforskingsinstituttet ved Oslomet.

 

Men med nesten berre digitale møter, trur ho også ein mister noko av fellesskapet og spontaniteten i arbeidskvardagen.

– Det er ein høgare effektivitet i kommunikasjonen når den går digitalt, men opplevinga av kollegafellesskap og tilhøyre til arbeidsplassen må ein kanskje jobbe meir med.

 

Ho peikar på at den same sosiale kontakten er vanskeleg å få til, sjølv med gode digitale verktøy.

– Dei som prøvde seg på fredagspils på Zoom, såg at det ikkje funka så veldig bra. Noko går tapt utan fellesskapet, måten ein kommuniserar på ansikt til ansikt er annleis og det sosiale og ofte kreative som oppstår utan å vere planlagt, ved kaffimaskina og elles, det mister ein, seier Ingelsrud.

 

Ho trur også at fleire vil fortsette med heimekontor framover.

– Blant dei som kan ha heimekontor også til vanleg, trur eg ein kjem til å bruke det meir. Og så trur eg fleire møter vil bli tatt digitalt i staden for å reise for å treffast.

 

Nye strategiar

 Men det er forskjell også på heimekontora. Ingelsrud understrekar at det i stor grad er folk med høg utdanning og god løn som framleis har heimekontor, folk som kan ta med seg kontorjobben heim relativt problemfritt. Sånn er det ikkje for alle.

 

– Eg var i ein debatt med Telenorsjef Sigve Brekke, som lanserte meir bruk av heimekontor i konsernet. Det er klart ein vil det om ein har einebustad med god plass og tilrettelegging for kontorplass. Men eg snakka også med ein som jobba på callsenter og måtte ha heimekontor i senga fordi han budde så smått, han var glad for å kunne gå tilbake til kontoret.

Det fortel ein av dei som er med på å utvikle arbeidsplassane våre vidare, arkitekturpsykolog Oddvar Skjæveland i Mellomrom arkitekturpsykologi. Han er rådgjevar for ei lang rekke arbeidsplassar, og fortel om forskjellige måtar å gjennomføre smitteverntiltaka på, som å sørge for god nok avstand eller å ha turnusordningar som gir færre folk på jobb samstundes. Etter mange månader med heimekontor for dei aller fleste, trur Skjæveland det kan vere vanskeleg å gå tilbake for nokon.

Kontoret bra, heime best? Arkitekturpsykolog Oddvar Skjæveland (innfeld) i Mellomrom arkitekturpsykologi trur det kan bli vanskeleg for mange å gå tilbake til slik det var før, etter at folk no i lang tid har jobba frå heimekontor. Foto: Trine Traaholt/Mellomrom arkitekturpsykologi.

 

– Eg er opptatt av å sjå på langtidskonsekvensane av at folk venjer seg til å ha heimekontor. Me veit av eiga forsking at folk føretrekk det dei har hatt ei stund, og no har mange blitt vane  med heimekontor. Eg trur det kan bli vanskelig å gå tilbake til at alle skal sitte på kontora, seier Skjæveland.

 

Men han trur også at det er arbeidsgjevarar som ikkje heilt har tenkt over kva det inneber å ha tilsette som gjer jobben sin heimefrå deler av, eller heile tida.

– Eg trur det vil komme meir krav frå tilsette om kompensasjonar for bruken av heimen deira, i tillegg er det kostbart om tilsette skal ha skikkelige gode arbeidsplassar heime. I snitt kostar det rundt førti tusen for ein god stol, hev-senk pult, oppbevaring og IT-utstyr. I tillegg kan det komme krav frå Skatteetaten og omsyn til arbeidsmiljølova, seier han.

 

Meir heime

Likevel er meir heimekontor den tingen han er mest sikker på vil verte ei permanent følge av pandemien.

– Fleire fagpersonar gissar at ein endar med rundt ein dag i veka i snitt med heimekontor. Vår forsking viser at heimekontor er effektivt opp til 2,5 dagar i veka. Men for arbeidsgjevar kan det vere litt mykje, for ein mister litt fingerspisskjensla.

 

Ein dag i veka høyres kanskje ikkje så mykje ut, men Skjæveland seier andelen som brukar heimekontor før korona var forsvinnande liten, så auken er likevel stor.

– Ein dag på kvar med heimekontor, vil betyr tjue prosent mindre folk på kontor til ei kvar tid. Allereie no er berre rundt ein tredel av pultane rundtom i bruk heile tida, så med meir formalisert heimekontor vil nok arbeidsgjevarar redusere talet på arbeidsplassar.

 

Og det kan få konsekvensar for kor store kontorlokale selskapa treng, og det er pengar å spare. Men Skjæveland er forkjempar av ein modell der ein har aktivitetsbaserte arbeidsplassar, helst med 8 til 10 forskjellige typar rom. Han har ikkje trua på at cellekontoret tek over på grunn av den låge smittefaren dei gir.

– Smittevernmessig vil folk kanskje bli latare og komme snufsete på jobb om dei har sine eigne rom. Ein meters avstand er ikkje så vanskeleg å halde i meir opne kontorfellesskap, og det er lettare å reingjere når folk ikkje har så mykje privat areal å rote på.

 

Mindre autonomi

Men at me har meir heimekontor, treng ikkje bety at me styrer tida vår meir sjølve, kanskje tvert om, meiner Skjæveland.

– Med til dømes aktivitetsbaserte arbeidsplassar, der ein har ulike sonar og rom for ulike typar arbeid, treng ein ikkje synast heile tida og tilliten er høg til at ein gjer jobben sin. Med så sterk digitalisering som ein har no, der sjefen kan sjå om ein er pålogga heile tida, vert det også forventa at ein er online stort sett konstant. Og då har kanskje arbeidstakarane tapt litt, dei sit heime og jobbar, men har likevel ikkje fridomen og autonomien.

 

Fridom og autonomi er noko mange set pris på ved heimekontoret, ein kan sette på ein klesvask og få jobba litt sjølv om ungane er heime frå skulen. Ein slepp pendle til jobb og kan bruke all tida på enten jobb eller fritid, ikkje noko midt i mellom. Men ein kan miste noko verdifullt med det også, meiner Skjæveland.

– Reisa kan også vere eit tap, eg går til dømes ein kilometer til jobb, det er jo bra. Men om ein står som sild i tønne på ein buss, er det noko anna.

 

Han trur også reiser i jobben vil bli sterkt reduserte, i alle fall vil han sjølv redusere sine.

– Eg pleidde ha 2-300 flyturar i året og var ein versting på reiser. No har eg vore på éin einaste tur sidan mars, og eg har fått eit nytt liv. Eg vil helst ikkje tilbake til all reisinga. Eg er meir a jour med arbeid og har meir fritid. Så eg føler med flyselskapa, for å sei det sånn. Tidligare fekk folk kjensla av å vere nedprioritert om ein foreslo digitale møter, no står det sterkare, og det trur eg vil vare.

 

Men kva pandemikonsekvensar som vil vare og ikkje, er berre eitt av spørsmåla, seier Skjæveland.

– I tillegg er det ein god del konsekvensar me ikkje ser enda, ting som kjem til syne etter litt meir tid, seier han.