.

Aktuelt

Samfunnskritisk eller bullshit-jobb

Pandemien viste oss kva yrkesgrupper me er avhengige av og ikkje. Men vil den endre kva balanse som er mellom viktig og vilkår?
  • Maria Pile Svåsand
  • OsloMet Storbyuniversitetet/Sonja Balci, Advokatfirmaet Schjødt, Maria Pile Svåsand

Då verda gjekk i lockdown, såg me fort kva yrkesgrupper det var som var nødvendige for å halde samfunnet i gang. Folk gjekk ut på balkongane sine verda over for å applaudere helsepersonell sin innsats under pandemien, og dei samfunnskritiske var dei einaste som fekk levere borna sine på skule og i barnehage.

 

Helsepersonell, forsvar og politi tenker ein kanskje på fyrst når ein tenker på dei samfunnskritiske. Men ein såg fort kor avhengige me er av sjåførar og bod som leverer og fraktar, av reinhaldspersonale som vaskar vekk virus og skit og fyller på såpedispenseren, av barnehagetilsette som passar ungane våre og av alle dei som sørger for at me kan gå i butikken og handle inn dopapir og hermetikk.

 

Dei står også på lista blant dei 15 yrkesgruppene som fekk merkelappen samfunnskritiske.

 

Sjå heile lista frå regjeringa her.

-I teiknefilmane er det alltid haien som er advokat. Eg let meg ikkje provosere av ein ny merkelapp som bullshit-jobb.

Forretningsadvokat Cecilie Amdahl
Forretningsadvokat Cecilie Amdahl. Foto: Advokatfirmaet Schjødt

Mange takka

Då Erna gav beskjed om at me skulle halde oss heime, var noko av det fyrste mange gjorde å gå på butikken og hamstre.

 

-Eg var på kurs den dagen dei stengde ned, men ringte sjefen og spurte om eg skulle komme på jobb. Då var det allereie nesten tomt i hyllene, så han sa det ikkje var naudsynt, fortel Christian Hansen.

 

Men det var berre starten, dei komande vekene har han vore mykje på jobb. Som assisterande butikksjef på Kiwi i Frognerveien i Oslo, var det aldri eit alternativ for han å ha heimekontor. Mange fekk fort opp augo for kva posisjon butikktilsette har i samfunnet.

 

-Mange kundar takka oss for jobben me gjer, og eg merka på kollegaer at dei fekk ei ny stoltheit over jobben sin, seier han.

 

Situasjonen sette i gang ein ny diskusjon rundt såkalla bullshit-jobbar, og fleire tok til orde for at det var på høg tid med ein skikkelig debatt om kva yrker som faktisk betyr noko og ikkje, og kva vilkår og status dei forskjellige yrka har. Mellom anna Fagforbundet sin leiar Mette Nord.

 

Les om utspelet hennar på Frifagbevegelse.no

 

-Bror min sa til meg at no såg han kor viktig jobben min er, og at det trass alt ikkje er nokon som treng hans stilling. Han er proff fotballspelar og utdanna jurist, fortel Hansen.

 

Bullshit

Bullshit-jobbar er eit uttrykk sosialantropologen David Graeber skreiv om i boka med same namn i 2018. Han meiner så mange som 40 prosent av kontorjobbane i verda er unødvendige, og berre eksisterer for at dei med makt skal kjenne seg viktigare enn dei er.

 

«Normalt sett innbiller me oss at management spelar ei viktig rolle i samfunnet, medan dei som sit i kassa på supermarknaden, jobbar på lager eller vedlikehalde kloakken er likegyldige og uunnverlege folk ein kan ignorere» sa Graeber i eit intervju med den danske avisa Information i vår. Han trur det vil  verte vanskelig å oppretthalde trua på den ideen etter krisa. Graeber fortalte at mange oppdagar at dei berre har eit kvarter med faktisk arbeid på heimekontora, no når møter og alt anna er vekke. Eit viktig poeng i definisjonen av bullshit-jobbar, er at den som har ein slik jobb også innser at jobben dei gjer er unyttig.

 

Svært mange av dei jobbane som er samfunnskritiske er også det Graeber kalla skittjobbar, dei er viktige, men dei er harde, betalar dårleg og/eller på andre måtar byr på dårlege forhold.

 

«Jobben min regnes som samfunnskritisk. Det ser jeg ikke på lønnsslippen.» Skreiv bussjåfør Christian Andersen i eit debattinnlegg, og seier vilkåra må betrast om folk skal ynskje seg til desse yrka.

 

Les debattinnlegget her.

 

Blant yrka med merkelappen samfunnskritisk, er fleire blant dei med løn under snittet i landet. Som reinhaldarar, bussjåførar eller butikktilsette. Christian Hansen på Kiwi fortel at dei ikkje fekk nokon form for risikotillegg eller høgare løn for å jobbe med smittefaren, men at dei hadde tilgang på gratis handsprit og det vart sett opp plexiglas ved kassane etter ei veke eller to.

 

David Graeber seier i sin teori at det er ei forakt mot folk som gjer eit naudsynt og viktig arbeid. Til danske Information seier han at det er som om folk tenker: «du står opp om morgonen og gjer ein positiv skilnad i verda. Burde ikkje det vere nok? Vil du i tillegg ha ferie og ei anstendig løn?»  Den same logikken gjer at dei som sit i meiningslause bullshit-jobbar og hatar det, fortener kompensasjon i form av ein feit lønsslipp.

 

Forsker ved AFI Storbyuniversitetet Oslomet, Svenn-Erik Mamelund. Foto: OsloMet Storbyuniversitetet/Sonja Balci

Utsett gruppe

I årets Arbeidslivsbarometer, ei undersøking gjort av Arbeidsforskingsinstituttet ved OsloMet på oppdrag av YS, viser endringane i jobbkvardagen seg. Undersøkinga vart gjort midt under koronanedstenginga, og tilsette i butikk og varehandel er den gruppa som har hatt størst auke i kjensla av meining og positive utfordringar i jobben, samanlikna med tidligare år. Men undersøkinga viser også at det er dei med låg inntekt og låg utdanning som i størst grad merkar dei negative konsekvensane av koronapandemien. I denne gruppa er det fleire som er permitterte, men det er også færre som har hatt heimekontor, og dei er dermed ofte meir utsett for smitte. Rapporten konkluderer med at pandemien forsterkar sosiale skilnader.

 

Det same ser ein att i internasjonale undersøkingar på kven covid-19 rammar hardast. Pandemiforskar og samfunnsgeograf Svenn-Erik Mamelund ved OsloMet, viser mellom anna til ei britisk undersøking som konkluderer med at kvinner i yrke som heimetenesta og menn som jobbar som taxisjåførar, sikkerheitsvakter og i detaljhandelen er overrepresenterte på dødsstatistikken etter Covid-19. Legar og sjukepleiarar har ikkje høgare dødelegheit enn gjennomsnittet.

 

Les Arbeidslivsbarometeret her.

 

Sosioøkonomisk risiko

Det er altså ein tendens at dei som har yrke som til dagleg vert sett på som lågstatus, men som no er karakterisert som samfunnskritiske, også har større sannsynlegheit for å døy av Covid-19. Mamelund meiner det må verte meir fokus på kva sosioøkonomisk status har å seie for risikoen under pandemien.

 

-Me treng ein breiare debatt om sårbarheit under ein slik situasjon. I dag er det i stor grad berre definert ut ifrå medisinske grunnar, sårbare grupper er dei som er medisinsk sårbare. Men det er ei sosioøkonomisk sårbarheit også, seier han.

 

I starten av pandemien vart det påpeika at det var mange rike som fekk sjukdommen. Madonna omtala den som ein «great equalizer», og det vart fokusert på at rike og mektige folk blei smitta i like stor grad som andre, som Boris Johnson og Tom Hanks.

 

-Den tankegangen stussar eg over. Ja, folk med moglegheit til å reise fekk kanskje sjukdomen fyrst, og alle kan bli smitta, men det er stor skilnad i kor stor smittefare ein er tvinga til å utsette seg for. Det er også stor skilnad i kven som vert innlagt og kven som døyr ved eventuell smitte, og der tyder forskinga på ein sterk sosial komponent, seier Mamelund.

 

Det er også eit mønster at menneske med minoritetsbakgrunn er meir utsett, og at ein del innvandrergrupper i større grad får sjukdomen.

 

-Det kan henge saman med at det er fleire i dei gruppene som har yrker som er utsette for smittefare, at dei bur fleire i same bustad, eller at dei har lågare tilgang på informasjon fordi dei ikkje forstår språket. Mest sannsynlig er det ein kombinasjon av alle desse faktorane, seier Mamelund.

 

Mamelund meiner dei sosiale faktorane også må inn i andre sjukdomsdebattar.

 

-Om ein tenker på sesonginfluensa, er det lite fokus på om det er sosial ulikheit blant dei rundt 900 som døyr av det kvart år. Eg antek at det er det, kan me då redusere det? Legane rådar til at me tek influensavaksine, men for denne gruppa har prisen ein del å sei, kan dei få gratis vaksine til dømes? Eg registrerer med glede at myndighetene no foreslår at prisen skal vere berre 50 kr i år. Sterkt subsidiert eller gratis influensavaksine bør oppretthaldast også etter COVID-19 pandemien, seier Mamelund.

 

Det same dilemmaet meiner han bør diskuterast når vaksinen mot Covid-19 kjem.

 

-Ein snakkar om at frontpersonell og dei som er i medisinske risikogrupper skal få tilgang til vaksinen fyrst, men ein bør også ta til etterretning om det burde vore ein sosioøkonomisk komponent her. Burde sosialt sårbare også fått tilgang tidleg? Så kan kanskje me som lettare kan ha heimekontor og halde oss unna smittefare vente, seier han.

 

David Graeber, mannen bak Bullshit-jobb-teorien, seier at jo tydeligare det er at jobben din gagnar andre menneske, jo mindre løn får du. I eit innlegg på nettstaden Politico, spør han om ikkje desse arbeidarane no bør få ein svær bonus for jobben sin, slik mange av dei med Bullshit-jobbar ofte får, så kan dei få ein liten applaus innimellom i staden. Samstundes ber han oss tenke over kor mange av dei som jobbar på heimekontor som eigentleg treng å komme tilbake til kontoret, og kor mange av dei jobbane ein eigentleg ikkje treng, men som eksisterer på grunn av eit oppkonstruert behov for at nokon skal kjenne seg viktigare enn dei eigentleg er.

 

Ikkje einig

Ein av jobbane Graeber ofte nemner som ein Bullshit-jobb, er forretningsadvokatar, og at dei slett ikkje er sakna av nokon under pandemien. Forretningsadvokat Cecilie Amdahl er vane med at yrket hennar vert framstilt som skurken.

 

-I teiknefilmane er det alltid haien som er advokat. Eg let meg ikkje provosere av ein ny merkelapp som bullshit-jobb, seier ho.

 

Men ho er ikkje einig i at jobben hennar er unødvendig.

 

-Det er langt frå den verkelegheita eg opplever. Alle kan nok vere einige om at under korona er sjukepleiarane viktigast, men me skal jo vidare også. Det me jobbar med, er å hjelpe verksemder å få gjort det dei skal, og det gjeld jo arbeidsplassane til folk, dei må også vere der.

 

Men ho er einig i at yrker med kritiske funksjonar burde verdsetjast høgare.

 

-Om dette kan skape ein debatt rundt det, er det bra.

 

Graeber kallar forretningsadvokatar for bullshit-jobbar – kva tenker du om det?

 

-Me er jo alle eit ledd i ei kjede som har blitt slik av identifiserte behov. Me er eit ledd i den kjeda, og bidrar til at hjula går rundt, seier ho.

 

Koronaeffekt

Om pandemien har påverka statusen til dei samfunnskritiske yrka på sikt, er det vanskeleg å seie noko om enda. Men medan mange bransjar måtte permittere og gjekk dårleg under, kunne daglegvarehandelen og mange selskap innan varelevering og i helsevesenet lyse ut stillingar.

 

Det viste seg også at alt fokuset på sjukepleiarar gjennom våren kan ha påverka folk til å søke på sjukepleierstudiet. Heile 19 prosent auke var det frå året før på det studiet på OsloMet.

 

På den andre sida, under tariffoppgjera så langt har ein ikkje sett nokon tendens til at dei samfunnskritiske yrka får spesielt mykje betre betalt for jobben dei har gjort gjennom pandemien.