.

Dybde

– Pandemien kan føre til revolusjon

Pandemien har slått beina under økonomien i storparten av verda, og dei svakaste gruppene i samfunnet må betale den høgaste prisen. Det er ein av grunnane til at opprør og politisk uro pregar ei rekke land under pandemien.
  • Maria Pile Svåsand
  • UiO, Pexels/Kelly Lacy

Verdas helseorganisasjon erklærte Covid-19 for ein pandemi den 12. mars. Sidan har den ført til den største økonomiske krisa verda har sett i moderne tid.

 

Korleis går det med verda?

– Det går betre med Noreg enn det såg ut til i starten. Men det er betydeleg usikkerheit om framtida og utviklinga, sjølv om den er mindre enn den var, seier økonomiprofessor ved Universitetet i Oslo, Steinar Holden.

 

Kva går usikkerheita på?

– Mest rundt smittesituasjonen og korleis den utviklar seg. Men også situasjonen i andre land påverkar oss her, med mindre kontakt mellom landa og innverknad på økonomien vår.

 

Medan me i Noreg er privilegerte nok til å allereie snakke om at krisa ikkje ramma så hardt som fyrst venta, ser det annleis ut mange stader. Uro, protestar og økonomisk krise har prega verda gjennom sommaren.

 

Dei siste månadane har vitna om nokre av dei største demonstrasjonane i amerikansk historie, opprør i Libanon og forsøk på å styrte presidenten i Kviterussland. Uroa er mykje på grunn av den pågåande pandemien, og kan eskalere enda meir, meiner professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, Tore Wig.

– Eg trur ikkje uroa vil gå fort over, særleg i land som er hardt ramma økonomisk. I nokre land kan det bli så stor misnøye at det kan bli revolusjon. Libanon og Kviterussland er døme på det, seier Wig.

 

Misnøye fører til opprør

I FN sitt rammeverk for sosioøkonomisk respons på Covid-19-pandemien understrekar dei at dette er langt meir enn ei helsekrise, men ei krise som rammar samfunn og økonomiar i kjerna deira. Dei spår at krisa vil auke fattigdom og ulikskap globalt.

Statistisk Sentralbyrå kallar koronapandemien det største tilbakeslaget for den norske økonomien i nyare tid, og det har vore unntakstilstand i store deler av verda i eit halvt år allereie.

 

– Det er fleire grunnar til at krisa blir meir politisert nokre plassar, men det me ser er at det vert meir konflikt med eit populistisk styre. Denne krisa er ikkje veldig god for populistar som Donald Trump og Jair Bolsonaro. Krisen krevjer leiarar som oppfører seg kompetent og gjer det som skal til i befolkninga i staden for å drive valkamp.

Tore Wig, professor i statsvitenskap
Professor i statsvitenskap, Tore Wig. Foto: UiO

 

Konkursar, auka fattigdom og store helsemessige konsekvensar er berre deler av historia om pandemien som rysta verda. For når krisa gjer at svikt i samfunnsstrukturane rundt dei vert synlige, er det med på å skape uro.

– I nokre land er det mykje ustabilitet og misnøye knytt til handteringa av pandemien, men også til den økonomiske situasjonen, seier Wig.

 

Han trekker fram USA og Libanon som eksempel, der protestar knytt til Black Lives Matter i USA og mot korrupsjon og generelt dårleg styring frå styresmaktene i Libanon har prega dei siste månedane.

Den 25. mai blei amerikanaren George Floyd drepen av politiet i Minneapolis, det utløyste nokre av dei største demonstrasjonane som nokosinne har vore i USA. Ifølge New York Times har mellom 15 og 26 millionar amerikanarar vore med og potestert. I Libanon starta protestane mot den politiske eliten i landet i fjor haust, men eskalerte etter at koronakrisa var eit faktum også der. I Kviterussland har det vore enorme protestar mot at president Aleksandr Lukasjenko erklærte siger i valet i starten av August.

 

– Har ikkje noko å tape

Kva gjer at ein pandemi kan skape kaos og styrte statsleiarar? Er det pandemien, økonomien eller andre ting?

– Alle dei tinga. Kritiske samfunnsinstitusjonar er under press. Folk har vener og familie som blir sjuke, og ein ser sprekkane i systemet på nært hald. Det same gjeld økonomien, folk blir permittert eller mister jobben, seier Wig.

 

I tillegg til at pandemien og den økonomiske krisa skaper store konsekvensar for mange, gir dei også tid og moglegheiter til å gå ut i gatene og protestere.

– Folk mister jobben og har mindre å tape på å protestere. Det har openbart spelt ei rolle for til dømes storleiken på protestane i USA at det har små kostnader for folk å gå ut og protestere, seier Wig.

 

Så det er ikkje tilfeldig at det var dette drapet på ein farga person som utløyste så store Black Lives Matter-demonstrasjonar?

– Eg trur ikkje det. Dei er sjølvsagt utløyst av drapet på George Floyd, men intensiteten og varigheita er påverka av nedgangstider. Mange unge folk har ikkje jobb eller kan ikkje gå på universitetet, og difor kan dei protestere i mange dagar i strekk.

 

Ifølge Global Preparedness Board er kostnadane for pandemien til no på ca 11 billionar dollar, medan venta framtidige tap er om lag det same. Organisasjonen skreiv hausten 2019 at dei åtvara sterkt mot ein pandemi og dei konsekvensane den ville ha, og at verda ikkje var førebudd. Korleis det faktisk har gått, er forskjellig frå land til land, men forskinga tyder på at dei landa som har hatt store smittetiltak har opplevd mindre økonomiske konsekvensar.

 

Det som også har vist seg viktig, er kven som sit med makta. I dei landa der folk ikkje er nøgde med korleis krisa er handtert, har politikarane møtt sterk kritikk.

– Det er eit todelt mønster, der politikarane har reagert dårleg på krisa, aukar misnøya. Det ser me i USA, Brasil og Libanon, seier Wig.

 

Men i dei fleste land har handteringa av krisen ført til større tillit til politikarane, nokre plassar ganske overraskande.

– I Italia, der politikarar vanlegvis er upopulære, har statsminister Guiseppe Conteno fått enorm oppslutning. Folk er nøgde med korleis situasjonen er handtert, og føler at dei får støtte frå politisk hald.

 

Særlig i starten av krisa meiner Wig den vart forsøkt politisert av fleire meir populistiske politikarar, som framstilte det som om smittetiltak og handtering av pandemien var politisk og valfritt, som Trump gjorde.

– Det er fleire grunnar til at krisa blir meir politisert nokre plassar, men det me ser er at det vert meir konflikt med eit populistisk styre. Denne krisa er ikkje veldig god for populistar som Donald Trump og Jair Bolsonaro. Krisen krevjer leiarar som oppfører seg kompetent og gjer det som skal til i befolkninga i staden for å drive valkamp.

 

Han viser igjen til Conte i Italia, som han kallar ein grå og teknokratisk figur som er lite politisk.

– Det er akkurat ein slik figur ein ynskjer seg i ei krise som dette. Ein roleg og stabil forelder som tek kontroll og ansvar.

 

Endrar Noreg

I Noreg trur Wig pandemien kan få betydning for korleis stortingsvalet til neste år går, men om Erna Solberg har vist seg som den trygge forelderen eller ikkje, vil framleis vise seg.

– Om Noreg kjem godt ut av pandemien, helsemessig og økonomisk, vil det styrke sittande regjering mot valet. Om det motsette skjer, vil det motsette skje, seier han.

 

Om det vert regjeringsskifte eller ikkje, vil vise seg. Steinar Holden trur pandemien også vil få konsekvensar for korleis me lever i Noreg, fordi fleire vil fortsette å ha moglegheita til å ha heimekontor. Det kan påvirke kor me busett oss.

– Pandemien vil få betydelege effektar vidare, og kan påvirke busettingsmønster. Om tilsette i nokre yrke kan vere heime mesteparten av tida, vil det gjere at ein kan bu lengre unna arbeidsstaden. Då vil folk i mindre grad bu der det er dyrt, men nært jobben, seier Holden.