.

Dybde

Reisevanar i det blå

Reisevanar i det blå

Med korona blei det så godt som slutt på å fly for dei aller fleste. Gjer det noko?
  • Maria Pile Svåsand
  • Privat, Unplash/Erik Odin, Unplash/Element5Digital

Tekst av Maria Pile Svåsand

Luftfarten fortviler, miljørørsla jublar. Reiserestriksjonar har blitt ein livsstil. Folk flest lengtar kanskje litt til varmare strok, men fant flotte feriemål her heime i sommar. Og forretningsreisene? For mange var det overraskande lett å ta det møtet via video. For andre er det fysiske møtet eit sakn.

 

Å fly er for dei fleste forbunde med reiser, lange eller ikkje så lange, på besøk eller på ferie til eksotiske stadar. I tillegg er det for mange jobb, pendling, rutine. På innanlandsflygningane i rushtida, ser ein lite av store reisevesker og spente blikk, meir rutine og stresskoffertar.

 

Slik var det i alle fall. Etter mars har bilete endra seg drastisk. Det er ein nedgang på 64 prosent om ein samanliknar Statistisk sentralbyrå sine tal på flypassasjerar i tredje kvartal i år med i fjor. Utanlandsflygande har gått ned med nær 86 prosent. Norwegian Air tryglar om krisehjelp, og krisepakkane til flyselskapa har vore store.

 

Saknar besøksreiser

Men kor viktig er eigentleg flyreiser for oss? Vil me fortsette å fly over kontinent og landegrenser også etter pandemien? Det er tross alt den typen aktivitetar som spreier sjukdomen i utgangspunktet.

 

– Dei unødvendige reisene vil det bli slutt på, som bonusreisene i forretningslivet, seier professor i turisme, Stefan Gössling ved Lunds universitet.

 

Han deler flyreisene våre i tre: Ferie, forretning og besøk til familie og vener. Dei reisene som kjennest viktige, vil ikkje verte påverka i like stor grad, trur han.

 

-Det fyrste som vil ta seg opp igjen, er reisene me tek for å besøke familie og vener. Mange som ikkje har sett sine næraste på lang tid, står nok i kø for å reise når det vert mogleg igjen, seier Gössling.

 

Det same trur han ikkje gjeld for forretningsreisene. I førre nummer av Samfunnsviteren fortalte arkitekturpsykolog Oddvar Skjæveland at slutten på jobbreiser hadde gitt han eit nytt liv. Utan dei 2-300 flyreisene han vanlegvis tok på eit år hadde han no moglegheit til å vere á jour med jobb og fritid, og ynskte ikkje all reisinga velkomen tilbake. Han spådde langt mindre jobbreiser som ein av dei permanente koronaeffektane.

 

Det er Gössling heilt einig i. Han viser mellom anna til eit stort multinasjonalt selskap han nyleg hadde seminar for, som fortalte at dei ikkje merka skilnad på om dei hadde møta digitalt eller fysisk, og som ville halde fram med ein reisepolicy på lik linje med den dei har under pandemien. Til tross for at dei i starten ikkje trudde dei ville bli påverka av reiserestriksjonar på lang sikt.

 

– Det same gjeld nok fleire selskap. No ser dei kor dyrt det har vore, og at ein ikkje treng reise for å gjere business. Det sveitsiske selskapet gav dei tilsette beskjed om å unngå å fly om dei kunne, også framover, seier Gössling.

– Dei unødvendige reisene vil det bli slutt på, som bonusreisene i forretningslivet.

Professor i turisme, Stefan Gössling ved Lunds universitet
Foto: Privat

Stress å reise

I tidligare forsking har Gössling sett på dei negative følgene reising har, som stress, fysiske plager som følge av flyreisa, tidsskilnad og andre bakteriekulturar. Likevel har den sosiale kapitalen reiser gir, gjort at me i stor grad har sett vekk frå dei negative sidene. Gössling har også vist at hyppige forretningsreiser fører til dårlegare kosthald, går ut over det sosiale nettverket heime og aukar arbeidsmengda.

 

Med den påtvungne reisepausen dei fleste har fått no, trur Gössling at me kan få eit meir nyansert syn på å reise framover. Det kan gjere at ein vel vekk dyre og lange feriereiser som også inneheld kulturelle utfordringar, lange transportetappar og som kostar mykje. Og i staden kanskje vel å reise i heimlandet, der ein kjenner kulturen og veit at ting fungerer.

 

– Kanskje ein tenker litt annleis om det framover, speglar meir kva som eigentleg er viktig med reisa, og gjer den litt enklare. Eg trur mange set større pris på heimlandet no, seier Gössling.

 

Den aller viktigaste grunnen til at me reiser på ferie, er nemleg å vere saman med vener og familie, ifølge ei undersøking Avinor og Transportøkonomisk institutt har gjort.

 

Gössling trur også me vil kjenne på eit behov for å holde oss litt nærare heimen ei stund framover, og at feriereiser til andre kontinent vil kjennast meir risikofylte.

 

– Det vil vere meir frykt forbunde med å reise ei stund, og jo lenger reisa er, jo farlegare vil den kjennast, seier han.

 

Sosialt tap

Forskar på Transportøkonomisk institutt, Harald Thune-Larsen trur fråværet av dei private reisene kan få størst personlege følger for oss etter koronapandemien. Han fortel om bekjente som har brukt fleire veker på å få til ei reise til utlandet for å treffe familie som låg for døden, men kom akkurat for seint til å sjå dei i live.

 

– Det er eit ekstremt eksempel. Men det er store sosiale konsekvensar for menneske med nære og familie langt vekke, seier han.

 

Forskarar er blant dei gruppene som ofte reiser med jobben. Dei har kanskje sitt faglege nettverk spreidd verda over, og ein viktig del av jobben er å reise på seminar og konferansar for å treffast.

 

– Me lurer veldig på kor store ringverknadar dette vil ha. Det er veldig lite seminar og liknande i år, og med det misser ein stader der ein møter andre som jobbar med det same, seier han.

 

Thune-Larsen meiner me har mist ein viktig kontaktkanal ved å reise mindre på møter med jobben, og trur dei store trendendringane i arbeidsreiser me ser på kort sikt ikkje vil vare ved.

 

– På lengre sikt trur eg det vil sige tilbake til slik det var. Det har allereie vore ei effektivisering på forretningsreiser dei siste åra, og ei sterk digitalisering, då er det mange av reisene som er igjen som kjennes naudsynte, seier Thune-Larsen.

 

Den aller viktigaste grunnen til at me reiser på ferie, er nemleg å vere saman med vener og familie, ifølge ei undersøking Avinor og Transportøkonomisk institutt har gjort.

– Ikkje det same

Ein av dei som opplever at det ikkje er det same om ein møtes på video eller i røynda er professor i samfunnsøkonomi ved Norges Handelshøgskole, Frode Steen.

 

– Det er ikkje det same å møtast digitalt. Eg trur det vil bli mindre møtereiser, men me vil ønske oss tilbake til dei, seier han.

 

Då me snakka med han var han på reise til Oslo for eit møte, og syns det er stor forskjell frå å treffast digitalt.

 

– Ein mister det sosiale og kollegiale via video. Eg har eit internasjonalt nettverk, og jobbar mykje med kollegaer i andre land til vanleg, det har blitt langt mindre produktivt medan me ikkje har kunna møtast, seier Steen.

 

Han trur ein vil gå tilbake til å treffast når ein skal møte nye kollegaer eller forretningsbindingar, og når ein er fleire som skal ha møte saman.

 

– Videokonferanseverktøya verkar stort sett godt fram til ein er fleire enn to eller tre, då er det mindre effektivt, seier Steen.

 

Luftfartsbransje i motvind

I mai skreiv Steen kronikken «Både bransjen og ferievanene vil endre seg», der han spår at feriereisene vil ta seg oppatt, men at forretningsreisene vil bli færre. Samstundes skriv han at nokre endringar i flybransjen kanskje ikkje er så dumt. At det er for mange flyselskap i drift, og at litt færre kan gjere det billigare å fly og gje ein meir effektiv bransje. Han spår at det vil bli mindre forretningsreiser, og at det igjen vil gjere det dyrare og litt mindre lettvindt å reise på ferieturar enn det var før, då forretningsreisande finansierer nokre av dei billige turistbillettane.

 

I kronikken frå i mai, publisert i Bergens Tidende, skriv han at til tross for at dyrare euro vil gje oss lågare kjøpekraft, vil ønsket om varmare vêr og andre reisemål gjere at me likevel reiser på ferie.

 

– Det blir aldri det same som før, men me vil nok komme tilbake til å reise mykje med fly, seier Steen.

 

Forskarane minner om kor få i verda som faktisk flyr, berre om lag fire prosent, ifølge Gössler.

 

– Pandemien har også vist oss forskjellane mellom folk tydeleg. Dei rikaste har teke i bruk privatfly for å kunne fortsette å reise, medan resten av oss har blitt verande heime, seier Gössler.

 

For sjølv om det kan kjennast viktig for oss å ta dei flyturane me er vane med å ta, er det tross alt eit gode for dei få.

 

– Det er nokre få som flyr veldig masse, og det er kanskje ikkje dei som er mest villige til å fly mindre, seier Thune-Larsen ved Transportøkonomisk institutt.

 

Sjølv opplever Thune-Larsen lokale reiserestriksjonar og heimekontor som ei større påkjenning enn flyrestriksjonar.

 

– Det er vanskeleg å sei kva som er verst, å vere isolert heime, eller å ikkje få reise. Mange vert sittande aleine, og me får ikkje møtt våre næraste.