.

Aktuelt

Vener og allierte

Vener og allierte

Enkelte hevdar at den sikkerheitspolitiske situasjonen i Noreg er farlegare og meir uføreseieleg no, enn under den kalde krigen. Er gamle forsvarsalliansar framleis til å stole på?
  • Maria Pile Svåsand
  • NUPI, Unplash/Jefferson Santos, Unplash/Matthew Henry

Covid-19-pandemien har fått konsekvensar for verdas økonomi og helse som få hadde sett føre seg var mogleg. Men medan økonomi og helse får mest merksemd, får den også følger for sikkerheita.

 

– Pandemien skapar handlingsrom for sikkerheitspolitiske kriser, både på sivil og militær side, seier redaktør i nettmagasinet Aldrimer.no, Kjetil Stormark.

 

For medan pengar og merksemd går til helsevesen og krisepakkar i dei fleste land, kan det gjere dei mindre merksame på andre område.

 

– Korona gjer det krevjande for militære styrker å fungere på grunn av smittespreiing, og gir meir usikkerheit. Men ein kan sjå føre seg at autoritære regime tek mindre på veg over tap av liv og helserisikoar enn vestlege land, og difor kan de utnytte handlingsrommet og få eit overtak, seier han.

 

Han meiner den sikkerheitspolitiske situasjonen no er farlegare og meir uføreseieleg enn under den kalde krigen. Samstundes håpar han pandemien fungerer som ein vekkjar for myndigheitene, og set beredskap høgare på agendaen.

 

– No er det kanskje lettare å førestille seg at ei krise kan ramme og vere stor. Ein må tenke på worst case scenario i beredskapsarbeidet, men det er det vanlegvis ingen som vil høyre om, seier Stormark.

 

Spissa seg til

I PST sin offentlege trusselvurdering er det overvaking, digitale angrep og terror som er dei største og mest sannsynlege truslane mot Noregs sikkerheit. Det er også trykka stemning mellom stormaktene i verda, og norske stortingspolitikarar har fått e-posten sin «hacka» av Russland. Oppi det heile skal verda hamle opp med klimaendringar, ein pandemi og eit amerikansk val utanom det vanlege.

 

– Den største sikkerheitsutfordringa no er at me ser ei stormaktsrivalisering, der land som Kina og Russland ikkje, eller i mindre grad enn før, støttar den liberale verdsordenen, seier Friis.

 

Den liberale verdsordenen definerer han som menneskerettar, demokrati og internasjonale rettsreglar.

 

– Det har spissa seg til, og enda meir under Trump, USA blei meir uføreseieleg, seier Friis.

 

Utan NATO og USA har ikkje Noreg eit stort nok forsvar til å forsvare seg mot eit militært åtak frå til dømes Russland. I den nye langtidsplanen til Forsvaret går det fram at Noreg ynskjer eit meir direkte samarbeid med USA framover, og er i dialog om «lokasjoner for eventuelle framtidige amerikanske infrastrukturtiltak i Norge». Høgre sin forsvarspolitiske talsperson sa i haust til Klassekampen at ein ikkje kan stole på at NATO klarar å fatte ei avgjerd i ein eventuell trugselsituasjon, då det er så mange partar involvert. Men ved forsvarsdepartementet er statssekretær Tone Skogen tydeleg på at organisasjonen er stødig.

 

– Det er ei oppfatning av at det er ein nedgang i dei transatlantiske banda i NATO. La meg vere tydeleg: Alliansen vår står støtt, sa ho i si innleiing til Militærmaktseminaret ved NUPI i november.

-Alt er i rørsle og det skjer meir ting på ein gong. Det er ikkje større fare for atomkrig eller ein krig med Russland enn før, men det er lågare terskel for å påverke, hacke og stele informasjon. Det er lettare å gjere ting, og det får færre følger. Difor gjer statane meir av det.

Seniorforskar ved NUPI, Karsten Friis
Seniorforskar ved NUPI, Karsten Friis. Foto: NUPI

Kompliserte forhold

Seniorforskar ved NUPI, Karsten Friis, seier storleiken på hendingane påverkar kva ein kan forvente av NATO.

 

– I ei militær konflikt, kan me stole på alliansane. Det verste for Noreg ville vere ei hending som er for stor for oss, men for liten for NATO. Altså ein situasjon der norske interesser er trua, men der det ikkje er eit krystallklart folkerettsbrot hos motstandaren. Dermed kan det bli meir krevjande å få allierte til å engasjerte seg, seier han.

 

Det har vore ein diskusjon rundt tilliten til NATO dei siste åra, både med Trump sine trugsel om å melde seg ut, men også interne stridigheiter som fortsett etter at Trump forlet det kvite hus.

 

Under militærmaktseminaret understreka leiar for sikkerheitskonferansen i München og tidlegare tysk ambassadør til USA, Wolfgang Ischinger, at ny president i USA ikkje var garantert å gjere det multilaterale samarbeidet til ein leik, og at interne problem i landet vil krevje mykje merksemd og ressursar framover.

 

– Sjølv med Trump ute, er det store motsetnader internt i NATO. Alliansen krevjar at statane er einstemmige, og det kan verte vanskeleg når ein til dømes ser at Tyrkia nærast bygger allianse med Russland, seier Stormark.

 

Europerisk opprusting

Med Donald Trump som president har ein har spurt seg om USA som alliert er eit trygt kort. Det har ført til ei auka uro og auka forsvarsbudsjett blant dei europeiske landa, seier Friis.

 

– Det vart ei oppvakning for mange europeiske land. Angela Merkel har sagt at Europa må gjere meir sjølv, det same seier Emmanuel Macron. Men det er langt å gå for å bygge opp eit større forsvar, seier Friis.

 

Han seier at medan forsvarsbudsjetta i Europa låg på 2-3 prosent av statsbudsjetta under den kalde krigen, slit dei fleste no med å nå 2 prosent. Samstundes er det lite samarbeid mellom dei europeiske statane om eit felles forsvar.

 

Det er eigne forsvar og eigne system i kvart land, som det gjer det utfordrande å samarbeide. Europa brukar totalt meir pengar på forsvar enn det til dømes Russland gjer, men det får ikkje den same effekten, fordi det er for dårleg samarbeid.

 

Samstundes som fleire europeiske statar jobbar med å ruste opp forsvaret sitt, har Covid-19-pandemien gjort det utfordrande å prioritere større forsvarsbudsjett.

 

– Den største konsekvensen av pandemien sikkerheitsmessig, er nok dei økonomiske konsekvensane den får. Med krisepakkar og helsetiltak som kostar mykje, vil det vere vanskeleg å få pengar til forsvar. Det gjeld alle land, men me brukar kanskje meir på helse og krisepakkar i vesten enn i til dømes Russland, seier Friis.

 

Det skjer medan det er ein sikkerheitssituasjon i verda som vert stadig meir mangefasettert.

 

– Alt er i rørsle og det skjer meir ting på ein gong. Det er ikkje større fare for atomkrig eller ein krig med Russland enn før, men det er lågare terskel for å påverke, hacke og stele informasjon. Det er lettare å gjere ting, og det får færre følger. Difor gjer statane meir av det, seier Friis.

I det verda er i så rask endring som no, er den ukjende trusselen kanskje den største. Det er ikkje lenger alltid mogleg å vite på kva måte ein vil verte angripen på. Foto: Unplash/Matthew Henry

Cybertrugsel

Sidan 2016 har cyber vore eit krigsdomene, ved sidan av sjø, land og luft, og eit cyberangrep kan også sette i kraft NATO sin artikkel 5. Men kva som er eit angrep av den typen som vil sette i sving NATO-kreftene, er vanskeleg å sei.

 

– Jo vanskelegare det er å definere situasjonen, jo vanskelegare er det å tilkalle internasjonale krefter, seier Friis.

 

I sommar sanksjonerte EU for fyrste gong hackergrupper frå Kina, Nord-Korea og Russland.

 

At den norske regjeringa i haust gjekk offentleg ut og peika på Russland som ansvarleg for hackinga av Stortinget, var noko nytt.

 

– Me veit ikkje om det vil få følger, men ein kan håpe at den typen offentleg gapestokk er flaut for Russland, meiner Friis.

 

Det som gjorde saken alvorleg var at det var en kjerneinstitusjon i demokratiet som ble angrepet. Da er det en reell fare for at informasjonen de får tak i kan misbrukast politisk.

 

– Det er å drive spionasje gjennom digitale midlar, gjer nok Noreg også. Effektoperasjonar, der ein går inn og gjer endringar eller søkar å påverke andre land, er noko anna.

 

I det verda er i så rask endring som no, er den ukjende trusselen kanskje den største. Det er ikkje lenger alltid mogleg å vite på kva måte ein vil verte angripen på.

 

– Er det snakk om russisk militærmakt, vil det vere så alvorleg at det vil sette i sving internasjonale krefter. Eg er meir uroa over alle dei andre maktmidla som finns, og der ein kan nekte for å stå bak, som Russland og Kina sine mange «hacking» og påvrkningsoperasjoner, seier Friis.

 

Små grøne menn er soldatar som deltok under opprøra i Ukraina i 2014, og som ikkje bar kjennemerke frå nokon organisasjonar eller land, men som det vart bevist at var russiske.

 

Kjetil Stormark meiner det må meir fokus på beredskap for ulike krisar til.

 

– Det einaste me veit om neste krise, er at den vert annleis enn dei me har hatt før, seier han.