fbpx
FN-logo på blå bakgrunn

9. august kom FN sitt klimapanel (IPCC) med starten på sin sjette klimarapport, og klimaendringane vart med det nærare, meir dramatiske og meir alvorlege for dei fleste av oss.

Gradestokk

Utan store endringar i utsleppa våre no med det same, er det ikkje mogleg å nå verken 1,5 eller 2-gradersmåla.

Grønne åssider

29. juli hadde me brukt opp jorda sine ressursar for i år, og resten av året brukar me på kreditt. Det vil sei, det er snittet for jorda.

Is som smelter på en gren

Hadde alle hatt eit forbruk som oss i Noreg, var overforbruksdagen allereie 12. april.

Endrings(u)vilje

Det må åtferdsendringar til heilt ned på individnivå for å nå berekraftsmåla og minimere klimakrisa. Og det kan kanskje høyrast ut som ei vise ein har høyrt før. Men å få folk flest til å endre seg, har vist seg vanskeleg. For forbruket går framleis opp, ikkje ned. Sjølv om me konstant høyrer oppfordringane om å kjøpe mindre, gjenvinne meir og velje kortreist når det gjeld både mat og reiser.

Ifølge Framtiden i våre hender, kjem over seksti prosent av dei norske klimagassutsleppa frå privathushaldningar. Då er forbruket utanfor Noregs grenser, som internasjonale flyreiser og utsleppa ved produksjon og frakt av varer me importerer, teke med. I den offentlege klimarekneskapen er ikkje desse utsleppa med.

- Blir bagatellisert

Til tross for at me veit at privathushaldningane har mykje å seie for moglegheitene til å nå internasjonale klimaavtalar og berekraftsmål, blir ikkje åtferd teke på alvor blant dei som sit med makta, meiner professor i berekraft og klede ved forbruksforskingsinstituttet SIFO ved Oslomet, Ingun Grimstad Klepp.

– Å forandre på det folk gjer, på måten me lever på, er ikkje enklare enn å dra til månen eller andre store ting. Det krev hardt arbeid og kunnskap, og må bli tatt på alvor. Åtferdsendring blir bagatellisert og gjort om til at det berre er å ta seg saman, seier Klepp.

Ho meiner det ikkje blir snakka sakleg om åtferd, og at det i det heile blir snakka lite om.

– Når ein fyrst snakkar om det, blir det sagt mykje dumt, både av politikarar og lekfolk. Ein brukar ofte ordet «berre»: folk må «berre». Som om å endre måten me lever på er «berre». I tillegg vert det ofte brukt såkalla svogersosiologi, ein fortel om nokon ein kjenner som gjorde noko, og meiner med det at alle gjer det. Samstundes gløymer ein det viktigaste, nemleg at politikk verkar, også når det gjeld åtferd, seier ho.

Ingun Grimstad Klepp

Ingun Grimstad Klepp er professor i berekraft og klede ved forbruksforskingsinstituttet SIFO ved Oslomet. Foto: Eivind Røhne/OsloMet

Reier ut tiltak

Klepp har vore medforfattar på ein rapport som ser på verkemiddel for forbruksendring, med utgangspunkt i Miljødirektoratet si utgreiing av verkemiddel som kan gje 50 prosent kutt i utslepp innan 2030, Klimakur 2030.

I fleire av tiltaka frå Klimakur 2030 blir behovet for endra åtferd trekt fram. Sifo-rapporten peiker på at det som har omfattande påverknad på CO2-utsleppa er å bytte ut raudt kjøtt med plantebasert mat og fisk, og at alle nye personbilar er elektrifiserte innan 2030, altså om ni år. Rapporten peikar også på tre strategiar som kan endre forbruket vårt mot lågare negativ påverknad på klima og miljø:

– Produktsubstitusjon, altså å erstatte produkt med stor miljøpåverknad, med mindre belastande alternativ. Til dømes plastsugerør med papirsugerør.
– Reorganisering – å endre korleis me bruker produkt og tenester.
– Redusere mengda me forbruker

Liknande tiltak vert nemnde fleire plassar i offentlege strategiar og rapportar. Å bruke mindre pengar på ting, og meir på tenester, til dømes. Men Klepp meiner likevel makthavarane ikkje gjer nok, og at det ikkje hjelper å snakke om åtferdsendring og haldningskampanjar om ein ikkje har fleire tiltak som sørger for at det skjer.

– Me veit ganske mykje om åtferdsendring. Ein treng ei blanding av strategiar for at det skal virke. Ting må bli enklare og billigare, samstundes som ein driv haldningskampanjar. Og om ein har ny teknologi som bidrar positivt, verkar ikkje den før ein formidlar kunnskapen som skal til for å bruke den, seier ho.

– Me veit ganske mykje om åtferdsendring. Ein treng ei blanding av strategiar for at det skal virke. Ting må bli enklare og billigare, samstundes som ein driv haldningskampanjar (...)

Forbod verkar fortast

I Sifo-rapporten skriv dei mellom anna at tiltak som har effekt hurtig, er politiske tiltak som forbod og avgifter, medan ein må ha eit perspektiv på 10-20 år før ein vil sjå god effekt av til dømes haldningskampanjar og betre tilrettelagt infrastruktur. Men kartlegginga tyder samstundes på at eksisterande verkemiddel for å endre åtferd i hovudsak er informasjons-, haldnings- og marknadskampanjer. Det meiner Klepp må endrast.

– Det var ikkje årevis med haldningskampanjar som fekk folk til å slutte å røyke, det var røykelova. I forbruksforskinga har me sagt lenge at ein må utvikle politikk om ein skal endre åtferd. Det hjelper til dømes ikkje å be folk ta bussen, om bussen ikkje går.

Ho er oppgitt over at ting går for sakte, og meiner Noreg er sinker på området.

– Mykje av det som blir lansert som strategiar, til dømes at klede ikkje skal i restavfallet, er ting EU allereie har pålagt oss. Då blir det litt komisk å legge det inn i ein strategi no.

Klepp peikar vidare på at miljørekneskapen vår ikkje er forbruksbasert, og difor ikkje tek inn korleis varer me importerer påverkar landa dei er laga i, eller korleis oljepolitikken er lagt opp som eksempel på at Noreg heng etter føregangslanda på området.

– I tillegg vert det gjort vedtak som gjer at ein må klype seg i armen. Til dømes å la gruveselskap bruke fjordar, som Repparfjorden, til avfallsdeponi. Det er eit vedtak ein kunne forstått i 1985, ikkje i dag, seier ho.

For om politikarane skal få folk flest til å ta alvoret innover seg, må dei også handle sjølve.

Panorama av Kvalsundet og Repparfjorden

Å bruke fjordar som Repparfjorden til avfallsdeponi. er vedtak ein kunne forstått i 1985, men ikkje i dag, argumenterer Ingun Grimstad Klepp. Foto: Mikkel Berg-Nordlie (CC BY-SA 3.0)

Ikkje nytt

Allereie i Brundtlandrapporten frå 1987, som får æra av å ha innført bruken av omgrepet berekraftig utvikling, blei det peika på at me må endre åtferda vår for å kunne sikre akkurat det. «Vi oppfordrar til felles anstrenging og til nye normer for åtferd på alle nivå til felles beste», skriv Gro Harlem Brundtland i forordet til rapporten, og fortset med at det trengs store haldningsendringar for å snu utviklinga i ein berekraftig retning. 34 år seinare er nok haldningane våre endra, men me er framleis langt frå eit berekraftig verdssamfunn.

FN sitt klimaprogram (UNEP) ber om at åtferdsvitskap blir teke meir med i politiske program og avgjerder. Dei peikar på den effekten det har å gjere dei berekraftige vala, som til dømes vegetaralternativ ved matservering eller klimakvotar på flyreiser, til det som er standardvalet. På denne måten er det minste berekraftige valet det ein må jobbe for å oppnå. Dei ber også om at ein forbyr ting som er lite berekraftige, og peikar på plastposeforbodet i Kenya, som på berre dagar fekk folk til å bytte til gjenbruksnett.

Ein har forteljingar som har blitt gjentatt før, om korleis Choice senka matsvinnet med 20 prosent ved å sette fram litt mindre tallerkenar på buffetane sine. Om butikkar som auka salet av grønsaker dramatisk, samstundes som salet av sukkervarer gjekk ned, fordi dei bytte ut det dei stilte ut nærast kassen.

Så kvifor er det så vanskeleg for oss å endre oss, så vanskeleg å få til kollektiv endring, når dei aller fleste av oss er einige i at det er noko me må gjere? For det er me. Nesten 70 prosent sa seg til dømes einige i at dei har eit ansvar for å redusere klimagassutsleppa sine i ei undersøking Cicero gjorde i 2019.

Mat på hotellbuffet

Litt mindre tallerkenar på hotellbuffetane er blant tiltaka som har vist seg å redusere matsvinn. Foto: Naim Benjelloun/Pexels

Distanserer oss

Psykolog med PhD i grøn økonomi, Per Espen Stoknes, som mellom anna har skrive boka «Det vi tenker på når vi prøver å ikke tenke på global oppvarming», har noko av forklaringa. I eit foredrag for Ted Global, argumenterer han for at ein må snakke om klimaendringar på ein ny måte for å få folk flest til å endre korleis dei lever.

Stoknes peikar på ulike måtar å takle dramatiske klimanyheiter. Me distanserer oss gjerne fyrst, og tenker klimaendringane er ting som skjer langt vekke eller om veldig lenge, det angår ikkje meg her og no. Så kjem dommedagsprofetiane, og då verkar det heile så stort og nummande, at det er vanskeleg å ta inn over seg. Difor distanserer ein seg, og hjernen hjelper til med kognitiv dissonans. Me finn gode grunnar for at me flyr, et kjøt, køyrer dieselbil og andre ting, samstundes som me fokuserer på kor liten påverknad me sjølve har i det store systemet som klimaendringar er. Til slutt tek hjernen oss med på fornektinga, så me ignorerer, gjer narr av eller nektar for heile klimaendringa. Sinnet får fred, me slepp dårleg samvit, og det vert litt lettare å leve med det.

Men så er jo klimaendringane der likevel. Stoknes seier at denne fornektinga er som å leve eit dobbeltliv. Ein veit om den store trusselen, men vel å ikkje gjere noko. Men det kan endrast. Distansering kan bli til sosialisering, seier Stoknes, og viser bilete av eit heilt nabolag med solcellepanel på taka. Ein person har nok starta det heile, men det har spreidd seg og plutseleg har det ein langt større påverknad enn den første enkelpersonen nok kunne sett føre seg då han googla solceller og bestemte seg for å handle.

Dommedagsscenario med brann og ødeleggelse

Dommedagsprofetier blir så store og nummande at folk gjerne distanserer seg, påpeiker psykolog Per Espen Stoknes. Foto: Pixabay

Vidare kan domedag bli til nye moglegheiter. Om diskursen om klimaendringar endrar seg i meir positiv retning, til å handle om nye arbeidsplassar, ny teknologi, om helsegevinstar med eit grønare kosthald, får ein ny motivasjon til å handle. Nudging, kallar ein det. Som å sette grønsaker nær kassen på supermarknaden, eller å ha mindre tallerkenar på hotellbuffeten. Det gjer det sjølvsagt lettare for dei som allereie er opptekne av å handle meir berekraftig. Men det gir også dei som ikkje er så opptekne av det eit insentiv. Om eg ser blåbærboksar og sukkererter ved kassa, tenker eg fort at eg bør jo kjøpe dei i staden for sjokoladen på stativet ved sidan av, for helsa mi. Samstundes er eg hakket meir berekraftig.

Når ein ikkje lenger automatisk får ein pose i handa når ein har kjøpt noko, ser ein fort at ein har plass til det ein kjøpte i veska, og takkar nei. Denne typen nudging får dissonansen ovanfor klimaendringane til å gå ned. Me får presentert ei enkel handling me kan gjere for å kjenne på at me er med på å gjere ei endring, me også, og dermed på litt mindre avmakt.

– Korona har vist oss at me er fullt i stand til å endre åtferd, men me treng insentiv.

- Er i stand til endring

Stoknes avsluttar med at det ikkje er individuelle handlingar som kan stoppe klimaendringar, men at det gir eit sterkt grasrotengasjement som vidare får større aktørar til å endre seg.

Og at me kan endre åtferd, har me til fulle sett det siste halvanna året, og det må me lære av, meiner professor ved BI, Caroline Dale Ditlev-Simonsen.

– Korona har vist oss at me er fullt i stand til å endre åtferd, men me treng insentiv. I Kina har dei fått til masse på berekraftfronten, fordi ein er villig til å innføre forbod og påbod. I Noreg er ein redde for å fatte vedtak som er upopulære, seier ho.

For det trengs meir enn gode intensjonar, det må også vere gode løysingar på plass for at me skal gjere noko anna enn me er vane med. Pris er til dømes viktig. Mange bytte ikkje til elbil fordi det var miljøvenleg, men fordi ein sparte pengar. I tillegg fekk det status. Då har me insentiv til å endre oss.

Professor ved BI, Caroline Dale Ditlev-Simonsen

Professor ved BI, Caroline Dale Ditlev-Simonsen. Foto: Torbjørn Brovold/BI

Må redusere

Samstundes er det andre funksjonar som verkar imot å handle meir berekraftig.

– Me skulle nyleg fikse taket. Det viste seg å vere billigare å kjøpe ny takstein enn å bruke den gamle. Det motiverer ikkje til oppføre å seg miljøvennleg, seier Ditlev-Simonsen.

Akkurat dette er eit tema fleire miljøorganisasjonar jobbar for, og mellom anna Framtiden i våre hender har jobba lenge for å få ned momsen på reparasjon og utleie.

I forskinga si har Ditlev-Simonsen gjort ei spørjeundersøking om folk ville valt etisk og berekraftig pensjonssparing, sjølv om det kunne gje lågare pensjon. I undersøkinga sa fire av ti at dei ville valt berekraftig over avkastning. Men dei fleste (seks av ti) sa samstundes at dei ikkje trudde andre ville valt etikk om pensjonen blei redusert.

Lukkeleg med mindre?

I forskinga på korleis ein kan få folk til å endre åtferda si til å bli meir berekraftig, har Ditlev-Simonsen vore med på eit større prosjekt som ser på det i lys av lukkeforskinga.

– Om alle i verda levde som oss, hadde me trengt fire-fem planetar, altså må me vere innstilt på reduksjon ein plass for å bli berekraftige. Men gjer lavt forbruk oss deppa?

Funna viser at sjølv om forbruket vårt har fleirdobla seg sidan på 90-talet, har me ikkje blitt lukkelegare. Så høgare levestandard gjer ein ikkje nødvendigvis lukkelegare. Og når ein ser på kva folk sjølv meiner lukke inneber, er det helse og familie dei ofte fokuserer på, ikkje ting, lange reiser eller høg levestandard. Men me må kanskje lære oss å vere litt mindre komfortable.

– Me må bli komfortable med å vere litt meir ukomfortable, seier Ditlev-Simonsen.

Vel ein berekraftig, kan mange tru at produkta er dårlegare, at livskvalitet blir dårlegare, og nokre gonger er de også slik.

– Papirsugerøyr er ikkje like gode som plastsugerøyr. Å ete med trebestikk i staden for plast kan gjere ein redd for å få flis i munnen. Å reise kollektivt kan vere mindre praktisk enn med privatbil. Meir kjeldesortering og redusert forbruk er det mange som ikkje ynskjer. Det er ting det ikkje er så populært å snakke om, ein vil heller fokusere på vekst, ikkje reduksjon. Men til sjuande og sist må me innsjå at me ikkje kan reise og bidra til utslepp av klimagassar på same måte som før, til dømes. Det er ikkje morosamt å lese dette, og det er ei utfordring å få formidla det på ein ålreit måte, seier Ditlev-Simonsen.

Samstundes er stadig auka forbruk ikkje berre dårleg for miljøet, men kan også vere det for individ.

– I dag gir betre råd til dømes til at ein et meir, som igjen kan medføre dårleg helse. Fedme og andelen vaksne som er overvektige i Noreg har auka dei siste 30 åra. 25% av mellomaldrande menn og 20% av kvinner har fedme. Nokre brukar auka fritid til meir fysisk aktivitet, mens for andre blir det heller meir spel og TV-seriar frå sofakroken.

To fly på himmelen ved solnedgang

Det er utfordrande å få formidla på ein ålreit måte at folk til dømes ikkje lenger kan reise slik som dei har gjort før, poengterer Ditlev-Simonsen. Foto: Pixabay

Kan bli dyrt

I praksis meiner Ditlev-Simonsen også at prisen på ting bør spegle kostnaden vara eller tenesta har for samfunnet. Så om ein kjøper eit bomullsplagg, må prisen på det innehalde kostnaden av CO2-utsleppa produksjonen og frakta fører med seg, og for at arbeidskrafta er berekraftig.

– Tek ein med dei tinga, blir prisen høg og forbruket redusert, seier ho.

Men ho meiner også at ein må fokusere på dei positive sidene med å velje meir berekraftig.

– Det er til dømes meir miljøvenleg å kjøpe seg éin Gucci-bag enn ti H&M-baggar.

Likevel dukkar det opp andre dilemma når ein snakkar om berekraftig åtferd, nemleg at ein gjerne skal kjøpe seg noko for å bli meir berekraftig. Det er bra å kjøpe berekraftig, men det er meir berekraftig å la vere å kjøpe det i det heile.

– I tillegg er det nokre produkt som berre ikkje er berekraftige. Ta kaffikapslar til dømes, Nespresso har eit flott gjenvinningsprogram for kapslane sine, men det beste er å bruke kaffi som ikkje kjem i kapslar.

 

Bildet av Kvalsund og Repparfjorden er tatt av Mikkel Berg-Nordlie, CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons