Klima i konflikt: Del 1

Klimapolitikk med naturkostnad

Klimapolitikk og naturvern går ikkje alltid overeins. Det må endrast, seier forskarane.

Det grøne skiftet er ein velbrukt frase, men når den grøne energiutbygginga går ut over urørte naturlandskap, vert det bråk. Det har ein sett ein rekke stader der det er planar om eller potensiale for å bygge ut vindkraft. Det har skapt debatt, demonstrasjonar og misnøye dei siste åra.

Men skal ein ha ei utvikling, må ein sørge for å ta vare på både natur og klima. I FN sine berekraftsmål er både økosystem og artsmangfald viktige mål, side om side med å stoppe klimaendringane.

Felles front

I 2019 kom Det internasjonale naturpanelet (IPBES) med ein rapport som slår fast at tapet av naturmangfald er ein like stor trussel som klimaendringane. Då IPBES for fyrste gong hadde ein felles konferanse med FN sitt klimapanel (IPCC) i vinter, slo dei fast at ein ikkje kan redde det eine utan det andre. I pressemeldinga dei sende ut, skreiv dei at tapet av naturmangfald og klimaendringar er to trugsel mot menneskeheita som ikkje kan skiljast, men må møtast saman. Dei skriv vidare at dei to er djupt knytt saman på måtar som fører til komplekse utfordringar når ein skal skape effektive verkemiddel for å stoppe dei.

Den digitale felleskonferansen vart starta med ei innleiing av statssekretær ved det norske klima- og miljødepartementet, Maren Hersleth Holsen, som understreka at ein ikkje kan redde klima utan å også redde naturmangfaldet. Det er enten begge, eller ingen, sa ho.

Samstundes bygger ein i Noreg ut vindturbinparkar i urørt natur, for å få ned bruken av fossile energikjelder.

- Ingen har svara

– Forholdet mellom natur og klima er veldig underdebattert i Noreg, seier seniorforskar og samfunnsøkonom ved CICERO, Asbjørn Torvanger.

Medan me har ein strategi for å elektrifisere store deler av transporten og samfunnet elles, skapar det eit behov for grøn energi som er enormt stort.

seniorforskar og samfunnsøkonom ved CICERO

Foto: CICERO

- Korleis kan me gjere dette utan at det får store kostnader i form av naturinngrep? Folk skjønar ikkje kor stor denne energibestillinga er, det blir svært krevjande å produsere så mykje ny kraft. Korleis ein skal klare det utan store konfliktar, er det ingen som veit.

I tillegg er mange vindkraftmotstandarar kritiske til å eksportere kraft og at krafta skal gå til å elektrifisere oljeproduksjonen i Nordsjøen.

 

Torvanger synest at den norske debatten handlar for mykje om korleis me skal produsere meir kraft, og at me også burde fokusere på å effektivisere den produksjonen og forbruket som me allereie har.

–       Me sløser masse energi i Noreg, fordi me er vane med ein låg pris. Likevel snakkar me berre om korleis me skal skaffe meir energi. Eit gammalt hus som lek energi, treng betre isolasjon, ikkje ein ny omn, seier han.

 

Business i klimakappe

Han seier konfliktane rundt vindkrafta er fastlåst.

–       Heile vindgreia er kjørt i grøfta. Kommunane kjenner seg bondefanga av eit ja dei ga for mange år sidan, sjølv om det har skjedd mykje i mellomtida, og vindmøllene har blitt større og større, seier Torvanger.

 

I fleire av konfliktane rundt utbygging av vindkraft, protesterer ein på grunnlaget det er gitt utbygging løyve på. Fleire stader vart det gitt løyve til utbygging for 10-15 år sidan. Då var både teknologien annleis og vindturbinane det vart søkt om lågare. I tillegg er mange kritiske til at det ofte er utanlandske som står bak.

 

 

 

Kristin Thorsrud Teien

Foto: Arnstein Staverløkk/NINA

- Mykje av klimapolitikken har ikkje teke tilstrekkeleg heilskaplege miljøomsyn. Samstundes vil aktørane drive business med klimakappa på.

På grunn av den statusen klima har fått, og den verdien det gir for industrien å jobbe for eit grønt skifte, tek det fokus vekk frå til dømes naturen. I alle fall i politikken, meiner ho. Men blant folk flest kan det tyde på at haldningane er i ferd med å snu, som me har sett i vindkraftsakene.

 

–       Eg trur det har gitt ei sterk auke i kor bevisst ein er. Det trengs tydelege nasjonale retningslinjer rundt kva kunnskapsgrunnlag  og nasjonale verdiar som skal leggjast til grunn for avgjerder, seier Teien.

 

Ulike verdiar

På naturen si side i kampen mot vindturbinane, har organisasjonar som Naturvernforbundet og Den norske turistforeningen (DNT) engasjert seg sterkt. I ei spørjeundersøking gjort for DNT, svarar 6 av 10 nordmenn at dei syns vindturbinane bør plasserast der det allereie finnast infrastruktur, i staden for i område utan vegar og store inngrep.

 

–       I tilfelle der arealbruk er sentralt, som ved vindkraftutbygging, vil ulike verdiar stå imot kvarandre. Den største konflikten her har vore mellom utbygging av energi og naturvern, seier seniorforskar ved Cicero, Solveig Aamodt.

 

Dette er ikkje nye konfliktar, vindkraftkonfliktane står over 50 år etter at konflikten rundt utbygginga av Alta-vassdraget sto, og det har vore fleire. Aamodt meiner ein må sørge for betre samarbeid mellom dei ulike delane av forvaltninga, og at ein må bruke meir tid på å utreie konsekvensane av utbygging.

 

I debattane som har følgt, trur ho også at aktørane som er involvert hadde tent på å vere meir førebudd på kritikk.

seniorforskar ved Cicero, Solveig Aamodt.

Foto: CICERO

- Ein er nok ikkje heilt vane med å møte kritikk og motstand, særskilt ikkje når ein har klimaargumentet bak prosjekta. Men at folk tek naturen sitt parti, er noko dei kunne føresett.

I avveginga mellom klima og natur, prøver ein å lage modellar for å kunne sette verdiane opp mot kvarandre. I Storbritannia har dei til dømes eit system der utbyggarar må ta rekninga for å verne eit naturområde tilsvarande det dei bygger ut på. Det har i nokre høver ført til at ein ikkje har bygd ut, på grunn av dei ekstra kostnadane.

 

–       Me må kanskje ha ein meir heilskapeleg prosess nasjonalt og bli einige om kva verdiar ein skal verne, seier ho.

 

Verdien av ei myr

NINA jobbar med å skape metodar for å få fram verdien av naturen, som i naturrekneskap, kartlegging, overvaking og forsking. Om ein skal gjere grundige vurderingar, treng ein grundige data. Og om ein skal sette to ting mot kvarandre, treng ein eit rekneskap.

 

–       Me veit at naturen og naturgodane har ein økonomisk verdi og at øydelegging har ein kostnad, og me jobbar med å finne ei verdivurdering for den. Det kan vurderast mot andre samfunnsomsyn, som utbygging, seier Teien.

 

I eit slikt rekneskap kjem meir enn pengar inn i bilete, men også naturgode som naturen si tyding for folkehelse, forsking og turisme.

 

–       Det er også undervurdert at naturen er eit godt klimatilpassingstiltak. Ein robust natur er viktig i møte med klimaendringane, og det kostar dyrt om ein må gjere tiltak for å betre det seinare, seier Teien.

 

Men her også finnast det to retningar. For kan ein sette ein prislapp på naturen?

 

–       Det finnast dei som meiner ein er nøydt til å sette ein økonomisk verdi på naturen for at den skal prioriterast i politiske avgjerder. Andre meiner at å gjere det er ein kjempefeil. Eg trur svaret ligg ein plass i midten. I samfunnsøkonomiske analysar i dag, blir det ikkje sett direkte prislapp på naturen, men ein må få fram både verdiane av naturen og konsekvensane utbygging av den har for samfunnet.

 

Manglar kunnskap

For korleis kan ein samanlikne verdiar som havørner og kilowattimar? Det er vindkraftutbyggarane som har hatt ansvaret for å utreie områda dei vil bygge i. Det er nyleg kome nye retningslinjer for konsekvensutreiingar for klima og miljø, men det har opp gjennom tidene kome mykje kritikk mot dei utgreiingane som tidlegare er gjort.

 

–        Nye reglar er bra, og det er viktig at utgreiingar byggjer på eit solid og heilskapleg kunnskapsgrunnlag, seier Teien.

 

Ho peiker på døme som at ein ikkje tek med tapet av naturmangfald og naturens karbonlagring i reknestykket når ein skal vurdere gevinstane ved å erstatte fossil energi med vindkraft.

 

–       Ein har til dømes sett lite på konsekvensar i form av karbonlekkasje ved inngrep og konsekvensar for framtidig karbonlagring, til dømes i våtmark og fjell, seier Teien.

 

Det same skjer når ein til dømes diskuterer skogbruk og utbygging av hyttefelt.

–      Når det gjeld vindkraft, har ein sett mykje på konsekvensane for fuglar, landskap, villrein og litt for insekt, medan andre konsekvensar har fått mindre fokus. Det er kunnskapsmangel på fleire område, seier Teien.

 

I Noreg er det mykje utbyggingsplanar langs kystområdet og dei stadane det er mest vind. Det er også dei områda det er mykje urørt natur. I staden kunne ein ha bygd ut meir langs motorvegar eller i industriområde der det allereie finnast infrastruktur, meiner forskarane.

 

–       Det har vore for mykje fokus på å bygge ut der det er mest mogleg vind og å få mest mogleg igjen for turbinane. Ein må kanskje ha fleire turbinar om ein bygger ved ein veg enn på ein knaus, men då vert naturkostnaden mindre, seier Aamodt.