hovedbilde Foto Victoria Pickering. Artikkel Krise i eit delt land.

Krise i eit delt land

Noreg er blant landa i Vest-Europa som har størst helseforskjellar mellom rik og fattig. Det kan få konsekvensar under koronakrisa.

Då amerikanarane gjekk til stemmeurnene tysdag 3. november, var rundt 233.000 landsmenn døde av koronaviruset. Sidan har talet stige jamt og trutt. Dei høge dødstala har skapa debatt om USAs delte helsesystem og mangel på sosialt sikringsnett. Eit land er sårbart i møte med ein pandemi om folk ikkje har råd til helsehjelp eller til å vera heime frå jobb når dei er sjuke.

Det amerikanske helsesystemet basert på private helseforsikringar, står i klar kontrast til dei universelle ordningane me har i Noreg. Her får alle som treng det helsehjelp. Samstundes har Noreg store, underliggande utfordringar. For det er stor forskjell i helsa til rik og fattig i landet vårt.

Dårleg immunforsvar
Den sosiale ulikheita i helse kan spela inn under koronakrisa, seier Steinar Krokstad, professor i sosialmedisin ved NTNU.

– Det er grunn til å tru at folk med låg sosial status i gjennomsnitt har dårlegare immunforsvar enn folk med høg sosial status. Det kan koma av at folk med låg status opplever meir stress og derfor ikkje har ein optimal livsstil. Det gjer dei meir sårbare under koronakrisa.

Krokstad roser Solberg-regjeringa for å ta omsyn til svake grupper i krisepakkene, mellom anna ved å auka dagpengesatsen. Men, om me i Noreg får ein situasjon med ukontrollert smitte, trur han det vil råka dei fattige hardast.

– Ein ny, britisk studie viser at folk som har dårlege levekår, har nesten dobbelt så stor risiko for å døy av korona som dei rikaste. Eg trur noko liknande kan skje i Noreg. Sjølv om dei mest utsette i Norge nok har det betre enn fattige i Storbritannia.


Eit nordisk paradoks
Det blir kalla det «nordiske paradokset»: Sjølv om Norden har sterke velferdsstatar, har landa også store forskjellar i helse og dødelegheit.

Blant 11 vesteuropeiske land er Noreg blant dei med størst forskjell i dødelegheit. Det viser ein studie som ser på skilnadane i dødelegheit mellom folk med kort og lang utdanning. Land som Spania og Italia har mindre skilnader i studien, der dei nyaste tala gjeld frå 2005 til 2009.

Les meir om studien her.

Fattige lever også vesentleg kortare enn rike i Noreg. Den rikaste en prosenten blant menn lever 13,8 år lenger enn den fattigaste prosenten. For kvinner er skiljet 8,4 år.
Det kjem fram i ein studie publisert i det amerikanske medisinske tidsskriftet The Journal of the American Medical Association. Studien følgjer registerdata på over 3 millionar vaksne nordmenn frå 2005 til 2015. Gapet i forventa levealder mellom fattig og rik i Noreg har auka i denne perioden.

Les meir om studien her.

Røyking drep fattige
Steinar Krokstad peiker på ein viktig grunn til dei store skilnadane mellom rik og fattig: Røyken.

– Hadde me fått bukt med røykinga, hadde me fått bukt med mykje sosial ulikskap i helse i Noreg, seier han.

I ti år har han leia befolkningsundersøkinga HUNT, som bruker helseopplysningar og biologisk materiale frå innbyggarar i Trøndelag.

Den siste HUNT-rapporten viser at heile 19 prosent kvinner med grunnskule som høgaste utdanning, røyker dagleg. For kvinner med universitets- eller høgskuleutdanning, er prosenten nede i 4. Mønsteret gjeld også for menn, sjølv om nivået er lågare.

Les meir om HUNT-rapporten her.

– Det var eliten i byane som starta å røyka, så gjekk trenden nedover i dei sosiale laga. No er det eliten og middelklassen som er først ute med å slutta. Me har kome lenger i denne utviklinga enn til dømes Spania, der mange i øvre samfunnslag framleis røyker, seier Krokstad.

Spreier informasjon på somali
Førebels er dødstala etter korona låge i Noreg. Men, det er store skilnader i kven som til no har blitt smitta av viruset. Spesielt utsette er folk som ikkje kan jobba frå heimekontor. I den nyaste statusrapporten frå Folkehelseinstituttet kjem det fram at mellom anna helsepersonell, servitørar og sjåførar har hatt meir koronasmitte enn snittet i befolkninga.

Les meir om FHI-rapporten her.

 

I tillegg har nokre innvandrarmiljø blitt hardare ramma. Under første bølgja av smitte, i vår og i sommar, var spesielt somaliskfødde overrepresentert på statistikken.

Norsk-somaliske Rama Jama hugsar korleis ho reagerte, då statsminister Erna Solberg dukka opp på fjernsynsskjermen i mars og annonserte nedstenging av samfunnet.
– Eg har tillit til systemet i Noreg. Eg og barna mine isolerte oss, slik me skulle.  Som medborgar har eg eit stort ansvar for å ikkje spreia smitte.

Men ikkje alle i det norsk-somaliske miljøet gjorde det same. Rama Jama, som jobbar som familievegleiar i Oslo kommune, vart kontakta av folk som hadde sett norsk-somalisk barn og ungdom spele fotball og henge tett saman. Det uroa henne at foreldra ikkje fortalde barna at dei måtte halda avstand.

– Menneske som har opplevd krig, har ikkje alltid tillit til det offentlege. Dei kan ikkje berre lytte til fjernsynet og ta bodskapen derfrå. Dei må høyra det frå folk dei kjenner og stoler på.

Derfor enda Rama Jama opp med å bruka fritida si på å spreie informasjon til folk i det norsk-somaliske miljøet.

– Sidan språkvanskar er eit problem, har eg omsett mykje informasjon frå myndigheitene til somali, både skriftleg og munnleg.

Ho streama ein Facebook-video der ho snakka om korona på somali. Den har fått over 6000 visningar og 600 kommentarar. Folk ringte inn under sendinga og kom med spørsmål og innspel.

Smitten blant norsk-somaliarar har gått kraftig ned sidan i sommar. Folkehelseinstituttet hyllar jobben som folk som Rama Jama har gjort, i den nyaste statusrapporten: «Etter en aktiv mobilisering blant norsk-somaliarar og tydeleg innsats frå stat og kommune, så vi ein kraftig nedgang i denne gruppa.»

 

Munnbind ein høg kostnad for mange
Rama Jama seier mange norsk-somaliarar følte seg stigmatisert då myndigheitene kunngjorde tal om at dei var på smittetoppen.

– Folk kom litt i forsvarsposisjon og sa ting som: «Eg er taxisjåfør og måtte henta rike nordmenn frå flyplassen, slik at eg blei utsett for smitte.» Norsk-somaliarar har jo ofte dei mest utsette jobbane.

Sjølv synest ho det er riktig å offentleggjera tala, men at dei må koma med ein kontekst.

– Folk som bur i ein liten kommunal bustad, blir råka annleis av koronasmitte enn ein rik familie som bur i eit stort hus på Vestkanten.

Kostnadane til smitteverntiltak er også høgare for folk som har dårleg råd.

– Eg høyrer ofte norsksomaliarar diskutere prisen på munnbind. Her om dagen høyrte eg at eit kjøpesenter delte ut gratis munnbind. Det er bra, det er sånn burde det vere. Det er vanskeleg når ein krev at alle skal gå med munnbind når det ikkje er alle som har råd til det.

Et skjermbilde av en Facebook-chat og Rama Jampa som informerer følgere på Facebook om korona

Då Rama Jama høyrte om norsksomaliarar som ikkje følgde smitteråd, la ho ut ein live-streama video på Facabook. Her informerte ho om viruset på somali, og svarte folk som ringte inn.

Foto: Privat

Folk er folk
No er det folk født i Pakistan, Irak og Afghanistan som er overrepresentert blant koronatilfella. Desse har seks til ni gonger så mange meldte smitta som personar født i Noreg. FHI skriv at det kan vera store mørketal.

Akkurat no er det mest koronasmitte i dei austlege bydelane Stovner og Søndre Nordstrand i Oslo. Dette er område med ein høg andel folk med minoritetsbakgrunn.

 

Steinar Krokstad ved NTNU åtvarar likevel mot å sjå på landbakgrunn som ei forklaring.

– Folk er folk. Justerer du forskjellar i utdanning, inntekt og kva type diskriminering folk opplever, så er det truleg lite skilnad i helsa til folk med etnisk norsk bakgrunn og til dei med utanlandsk bakgrunn. Det er dei sosiale og økonomiske forholda som folk lever under, som er det viktige.

 

Rasjonelle val
Kva skal så til for å redusera helseforskjellane i Noreg? Det kan vera freistande å koma med ei enkel løysing: Få fattige til å røyka mindre og eta sunnare. Men det er ikkje så enkelt. Krokstad meiner me bør sjå på folk sine grunnar til å ta helseskadelege val.

– Dei som klarer å kutta røyken, har oftast overskot og gode framtidsutsikter. Har du nok med å takla kvardagen, er det irrelevant å ta tak i noko som først blir eit problem om 10, 20 eller 30 år. Skal du ta eit tak for god helse når du blir gamal, må du sjå for deg at du i utgangspunktet kan få ein god alderdom.

Dermed blir det viktig å jobba for å utjamna sosiale og økonomiske forskjellar.

–  Ved å redusera forskjellar, legg me til rette for at folk kan ta betre val. Då må me sjå både på skattar og helsepolitikk. Me må ha dette blikket på sosial ulikheit i ryggmargen, ikkje minst under krisetider som no, seier han.