Kommentarer

Alle treng ein jobb å gå til. Men treng ein eigentleg alltid å gå nokon plass for å jobbe?

Pandemien har gitt oss ei rekke erfaringar. Og dei fleste ville vi helst vore forutan. Det er fint lite nyttig lærdom å dra med seg frå å måle opp to meter mellom kvart kafébord, stenge treningssenter eller forby skjenking av alkohol.

Dette er en kommentar

Den gir uttrykk for debattforfatterens analyser og meninger.

Sjølv om dei fleste av oss nok framleis føretrekker å dra på kontoret, er det også mange som av ulike grunnar trivst godt med fleksibilitet.

Men det er i alle fall eitt smitteverntiltak som har gitt oss nokre nyttige erfaringar: Moglegheita til å jobbe meir fleksibelt.

Då hundretusenvis av arbeidarar vart sendt heim med kvar sin PC, og fekk beskjed om å jobbe på heimekontor på ubestemt tid, var det ikkje mykje frivilligheit involvert. Og for veldig mange var det tungt. Difor har då også gleda vore tilsvarande stor over at vi no kan vere tilbake på jobb, treffe kollegaer og fungere som normalt.

Samstundes viste den tvungne heimekontorsituasjonen at det faktisk var mogleg å få dette til. Det var mogleg å produsere ei avis, skrive ei stortingsmelding og levere eit anbod sjølv om dei fleste sat på kvar si adresse. Mange arbeidsgivarar, som har vore skeptiske til å la arbeidstakarar sitje ein annan stad i byen, eller ein annan stad i landet, har fått nye erfaringar.

Og sjølv om dei fleste av oss nok framleis føretrekker å dra på kontoret, er det også mange som av ulike grunnar trivst godt med fleksibilitet. Det kan handle om lang pendlarveg, det kan handla om å få kabalen til å gå opp i kvardagen eller ganske enkelt at ein klarer å jobbe betre med ro rundt seg. Dette er ein fleksibilitet vi bør legge til rette for.

Det finst ein del land som er svært gode til å legge til rette for bruk av heimekontor. Dette er typisk land som har ei høgt utdanna befolkning, ein arbeidsstyrke der størstedelen jobbar i tenesteytande sektor, eit samfunn med høg tillit og med god digital kompetanse. Dette høyrest kanskje ut som ei skildring av Noreg? Ja, for så vidt. Men på dette området er vi langt frå best i klassen. I land som Finland og Nederland er det meir enn tre gonger så mange som her som jobbar stadsnøytralt.

Eg trur ikkje det handlar om at nordmenn set mindre pris på fleksibilitet og fridom enn våre finske og nederlandske vener. I eit land med store avstandar, mange fritidsbustadar og generelt gode butilhøve skulle ein tvert imot tru at det var stor etterspurnad etter fleksibel arbeidsstad. Det stadfester også ein ny rapport frå OsloMet: dei fleste ønsker i snitt å jobbe heimefrå to dagar i veka.

Svaret ligg nok heller i at vi har vore dårlegare til å tilrettelegge for fleksibiltiet. I andre land har ein sørga for skatteregime, arbeidstidsreglar og forsikringsordningar som tar høgde for at folk ønsker å leve ulike arbeidsliv. Det er rett og slett litt for mange av dagens arbeidslivsreglar som er for tilpassa til at folk møter på den same fysiske arbeidsplassen, og det kan vere til hinder for å skape friare og meir produktive arbeidstakarar.

Då den norske heimekontorforskrifta vart oppdatert i vår, var det lite nytt å melde. Det som trengs framover, er vilje til å tenke nytt rundt reglar om ulukkesforsikring og trygdeordningar, skattefordelar for kontorutstyr og reising, arbeidstidsreglar som er tilpassa ei ny tid, og mange andre reglar og reguleringar som i praksis får store konsekvensar for korleis arbeidstakarar innrettar seg.

Framleis vil nok arbeidslivet i hovudsak vere basert på at dei fleste går til ein arbeidsplass dei fleste dagane i veka. Men å legge til rette for at dei som ønsker det kan gjere ting annleis, har ei rekke fordelar – også på samfunnsnivå. Omfattande pendling gir store miljøbelastningar og slitasje på infrastruktur. Bustadmarknaden i og rundt dei største byane våre er overbelasta, og har vore det i årevis. Og ønsket mange har om å halde på ein spanande og givande jobb, sjølv om dei vil flytte tilbake til heimbygda, er faktisk mogleg å realisere i ei tid med ekstremt gode kommunikasjonsmoglegheiter. Dersom det er vilje.

Etter to år med pandemi er eg like klar som alle andre til å låse både meteren og munnbindet ned i kjellaren og kaste nøkkelen. Men dei få smitteverntiltaka som faktisk gav oss nokre nyttige erfaringar, bør vi lære av når vi skal utvikle samfunnet framover. At det faktisk er mogleg å jobbe meir fleksibelt og stadsuavhengig er kanskje den viktigaste.